[Det tykkjest vera hosta strengt og hardt...]

Det tykkjest vera hosta strengt og hardt, soleids som dei no gjer det i Stortinget, at dei inkje slepper Faamannen til det Slag, han vert som bunden paa Hender og Føter.
           
Er det rett og rimelegt i slikt, er det mange, som undrest paa.
           
Aa nei, det kann nok so vera, at endaa Mangmannen daa vist paa Bygdom er mest dubbelt so stor som den andre, so skulde denne og faa noko seg til nøgjes.
           
Det er leidt, det vert stundom ut-sjaa-and og gjort til det, at det er berre Einvaldshug og Maktsjuke, som gjer dette; at dei endeleg vil hava baate Bugti og baade Endarne.
           
Men det hev seg annleids no i Røyndi.
           
Hadde det voret i vanlege Tider, kunde det hava voret so si Sak. Men det er meir enn det no, det veit me alle.
           
Lite hev vortet gjort hjaa oss i dei seinare Tider for Skuld all denne Striden vaar, men hev øydt oss upp med den, den eine hev rivet ned att berre for den andre. Men no er det eit Tiltak til det betre, ein Arbeidsmun, som inkje er til aa vanvyrda, at dei vil taka seg hardt paa Tak og faa freista aa faa gjenomført noko likevæl dei, som det daa maa vera mest Krav paa endeleg skal taka Upphavstaket, dei som er den største og kvikaste Flokken.
           
Hadde me ei sterk og arbeidsfør Styring, som kunde gjera noko, som berre kunde faa noko utført med Arbeid for Folket _ um det daa au var Faamannens Verk, so var det betre enn lange Rødur og ein endelaus Strid.
           
Men mykje betre og tenlegare for alle er det daa, um Fleirmannen kann gjera det, daa er det daa mange fleire, som ein kann lita paa batar av det enn um det var Faamannen, som sette det i Verk, lat gaa, at han ogso hadde eit utruleg stort Folketal bak seg.
           
Soleids allvist som vaare historiske høve hev voret, er det ei større Trygd endaa for, at det inkje vil ganga galet.
           
Ein som vilde døma reint etter dette, vilde visst inkje finna anna, enn at det var berre ei oversleg god og nytteleg Motvigt, um Fleirtalet au kom til Magti, her Mindertalet hev voret den eine Herren aa kalla i lange Tider. Han vilde visst hava kalla det ille og einsidugt og skadelegt for den gode og jamne Framgangen i det heile, um inkje noko sodant hadde vortet, at Fleirtalet fekk minst ei jamstor Magt ogso ein Gong som den, dei andre hev bruka.
           
Allvisst her i Noreg, der det under denne Trykkjen ovanfraa hev arbeidt seg upp Tankar og Meiningar, utrunne av Folkelivets eiget Umsviv, og dei hev vunne seg baate Kraft og Rikdom, so det er berre det dei no liksom stundar etter: aa faa leggja seg inn i Arbeidet, aa faa gjera eit Røynand i Livet.
           
Dei er fullmogne til det. Men skadelegt er det aa ala upp slike, naar ein skal halda dei paa Lausfot for lenge. Dei vert daa som unge Hestar, som ein slepper paa Fjellbeite um Sumaren, gjeng dei der forlenge, vert dei so kaate og kipne og jamvæl mannvonde, at det er mest Uraa aa faa Tak paa og tygla dei, so ein kann gjera ei nytteleg Vending med dei.
           
Men endaa hev dei inkje gjenge paa Beite lenger, enn at dei er friske og godfødde, dei sprikjer av Liv og Vælvera. Dei lengtar etter aa faa verta spente for Lasset. Var det berre ei klok Styring, som litte fullt ut paa sine eigne Tankar, so var dei glade i slike unge Folar, at dei fekk røyna seg ut, so kunde dei sjølve faa sleppa upp i dei friske Beite og suga Nøring og Kraft i Kvildi, for aa koma sterkare att.
           
No hev det voret Strid so lenge, at det hev vortet lite ut av Arbeidet. For kvart Aar, som soleids sviv, aukast det upp ei Armod baate for eit og anna, som snart vert uteljande i Pengar.
           
Er det inkje berre godt daa, at nokon vil leggja seg i det og kjenna Andsvaret for Landsens Arbeid og Framgang!
           
Naar Styringi inkje vil, so maa Stortinget gjera det. Um det vert baate hata og saka av ymse Folk, so vert inkje difor Takken minder.
           
Striden og Ordskiftet er no det som minst gjeldst um, det er Arbeidet som me treng.
           
Det er det, som Stortinget no freistar aa faa iveg, so godt det kann daa gjerast i slike vonde Tider.