[Løsningen...]

Løsningen, dens Krav, Midler og Grænse Af Erik Vullum. So heiter eit litet Hefte, som nyleg er komet ut, og som handlar um Politikken vaar. Vullum trur ikkje, at Riksretten er Vegen til aa koma ut av Uføret paa; han trur, at ei Adresse, der Vinstre og det moderate Høgre gjekk saman um aa krevja eit nytt Statsraad, vilde vera betre. Og hjelpte ikkje det, _ so fekk ein taka Riksretten som siste utveg. Med de parlamentariske Midler _ alene med dem _ kan der seires . . . Med andre Midler kan vi forsvare os, meiner Vullum.
           
Boki er vitugt og godt skrivi. Men Vullum hev havt større Tru til det moderate Høgre enn han hadde Rett til. For det fyrste er ikkje det moderate Høgre til. Daa visst ikkje til som Parti. Ingen veit, kor det er, elder kven som er med i det. Alle Høgremenn kallar seg moderate; men dei, som kallar seg moderate, viser seg, naar det gjeld, aa vera _ nokonlunde som dei andre. I Pressa hev me eit Par Blad, som kallar seg moderate; det er Dagen, Morgenposten og Fædrelandet; av desse er det berre Fædrelandet, som det gjeng an aa nemna; men faae Blad hev i Røyndi voret mindre moderate enn Fædrelandet. Det er ikkje aaleine hatigt paa Vinstre i Politikken; men det trur, at Vinstrepolitikken er ukristeleg, _ so der kann ikkje verta Tale um Forhandling.
           
Og i Vali rauk det moderate Høgre slik, at ingen etter det kann setja det upp som nokon Ting aa rekna med. Det rettaste er aa segja, at det moderate Høgre ikkje er eit Parti, men ein Talemaate. Sjølve Morgenbladet kallar seg moderat, naar det kann tena nokot med det.
           
_ Det, som skulde gjera Riksretten mindre brukelig no, det skulde        vera det, at um Selmer og hans Menn vert dømde, so kann Kongen taka andre Statsraadar av same Slagst. Men, gjeng det so an aa tru at Kongen vilde gjera det, dersom han havde Riksrettsdom for, at den Selmerske Politikken var lovstridig? Ein maa væl tru, at Kongen er ein likso lovlydig Borger han som andre. Kong Oskar hev sjølv sagt, at han ikkje vil annat enn det, som er Lov og Rett. Enno trur han, at Selmers Politikk er den rette; men dersom no den var prøvd og dømd av Riksens Rett, so vilde væl Kong Oskar vera glad til, at han slapp fraa den Politikken. Ingen kann i Grunnen ynskja Riksrett meir enn Kongen, som hev gjort Eiden sin paa, at han vil styra Landet etter Grunnloven, men som under all denne Striden tilslutt maa koma til aa undrast paa, kor Grunnlovens rette Meining er. For det andre er det væl eit Spursmaal um det fanst mange brukelege Veto-Menn i Landet, som vilde vera Statsraadar etter ein slik Riksrettsdom. Det vilde ikkje vera greidt for Veto-Menn aa styra, naar Vetopolitikken var rettsdømd. Og her kjem me til det, som er det største _: at etter ein slik Riksrettsdom var Kamppolitikken umogeleg. Ingen Minister kunde lenger driva den. Og det er det, som Thinget av 1883 er valt paa: at det skal gjera Ende paa Kamppolitikken. _
           
Ettersom alt no hev seg, er det dessutan iallfall ikkje Folket, som no skal koma med Tilbod elder Bøner. Folket hev, gjenom sine Ærendsmenn, bodet Forsoning i mange Aar; dei hev funnet seg i meir enn det mest hadde Rett til aa finna seg i; det hev drygt i det lengste, fyr det vilde gjera nokot; _ men Folkets Taalmod hev vortet lønt paa den Maaten, som me alle veit. Og til Svar paa sine Tilbod um Forsoning hev det fenget . . . Selmers Politikk. Dette hev haldet paa so lengje, at Folket no endeleg hev funnet, at det kunde vera nok. No vil det hava ein Ende. Og no fær det vera dei andre, som byd Forsoning, um dei vil hava den; og Tilbodet veit du vert motteket _ paa eit Vilkaar.
                                              
b.