Brev.

Me er glade i aa høyra, korleids Folk likar Bladet.
           
Ein Mann skriv:
           
Eg likar godt Fedrah. i det heile, men eit Stykkje i det fyrste No. um Duld Kjærleik likade eg inkje. Det totte eg ingen god Lærdom var i.
           
Les Stykkjet uppatt god Mann, so vil du finna at Lærdomen er god. Meiningi var den, me vilde, at all den dulde Kjærleik,som finst til Maalsaki, skal gjera seg openberr, og daa helst paa den Maaten, at dei sender væl ein Dalar um Aaret og løyser Fedraheimen.
           
 
Ein skriv millom annat:
           
Naar De set all Dykkar Lit til Joh. Sverdrup og uttalar, at me (Vinstre, ikkje hev nokot at ottast fyr, so lenge me hev han, so tykkjer eg, De avgudar eit Menneskje.
           
Me sagde: At naar me hev Sverdrup med oss, liter me paa, at det vert gjort det, som Folk og Land best kann høva. Meiningi var berre den, at han er so klok og godt tenkt ein Mann, at han vil raada til Gjerder som er vituge og høvelege, so dei vil brukast til Bate for Folk og Land. Det er inkje nokor Avguding etter vaar Meining.
           
 
Ein skriv soleids:
           
Det er mitt varme Ynskje, at du maa bløma med mange fagre Blomar helst slike som passar aat Ungdomen, so den kann bli glad og nøgde og faa Hug til aa vera i Heimen sin og veksa seg frisk og sterk.
           
 
Til _ V _ N. Slike Stykkje, som dette Fraa Vos kann inkje takast, utan at Skrivaren set fullt Namn under i Bladet.
           
Alle som skriv um Hendingar og Høve, som sneider visse Folk, maa setja Namn under, hellest vert det haldet for Drøsur.