Gjenom Dalsland og Vestergötland.

[Del 8 av 12. Første delen]
 
(Framhald.)
           
Sunndagen den 4de Juni Kl. 10 kom eg til Götaborg og hadde Von um aa naa Kyrkjetid. Fyr 10 Øyror fekk eg Biljett paa, at Tyet mitt skulde verta væl forvart paa Jarnvegsstationen. So spurde eg, kor eg skulde finna den næraste Kyrkja. Ja, det var Katolska kyrkan, det. Nei det vilde eg daa inkje. Ja, so var det Tyska kyrkan, som var næraste. Nei, kjære Vene! der finnst daa væl svenske og lutherske Kyrkjor i Götaborg, veit eg? Ja för tusan! var Svaret, og so fekk eg vita Vegen til Domkyrkja. Eg foor avstad som ein Vind og gav meg inkje Tid til aa sjaa etter nokot annat enn Kyrkjetornet; det var tidsnok sidan med det andre. Ved Kyrkjedyri spurde eg ein Kyrkjetenar, um ein Nordmann hadde Lov aa sleppa inn. Han bukkad og sagde: Mycket gjerna, let so upp Dyri og synte meg Veg. Kyrkja syntest vera fullpakkad; i alle Gonger stod der Folk; men den snilde Mannen fekk upp ei Stoldyr, bad Folk tokka seg betre ihop, og eg vart sitjande dikt framfyre Preikestolen. Det kom væl med, for eg vilde baade sjaa og høyra, og naa skal du au faa høyra nokot um den svenske Kyrkjeseden. Gudstenesta byrjar inkje med Bøn av Klokkarne, men med ei Salma. Presten gjeng fyr Altaret, og naar Salma er songi, snur han seg til Kyrkjefolket og held ei Bøn. Naar han kjem til dei Ordi: - böias til din thron, legg han seg paa Kne; Kyrkjefolket skal gjera det same. Etter Bøni syng Folket: Herre förbarma dig öfver oss! Kriste förbarma dig öfver oss!Presten stend upp, vender seg til Folket, og messar: Ära vara Gud i Höiden, och frid på jorden, menniskorna en god vilje!So vert ei Salma songi atter, og so messar han: Herren vare med eder!Folket svarar:
Med dig vare och Herren! Presten messar ei Bøn, og Folket syng: Amen.
Sidan messar Presten Gledabodet (Evangilja), som høyrer til paa Dagen, og so segjer han fram dei 3 apostoliske Artiklarne, elder ogso syng Folket Trui (Credo). Eit elder eit Par Vers av ei onnor Salma vert atter songne, og so gjeng Presten paa Stolen. Dei svenske Prestarne preikar inkje naa lenger Aar ut og Aar inn yver dei same Sundags- tekster. Umfram den gamle Tekstrekkja hev dei naa fenget 2 nye. Kver Tekstrekkja vert brukat tredjekvert Aar. Den Presten, eg høyrde i Götaborg, talad med Aand og Kraft. Eg undrast inkje paa, at Kyrkja var so full, men takkad Gud fyr den klaare Sanningi, som var framlagd. Etter Preika var der fleire Lysingar. Blandt Annat las han upp Namni paa dei nys Avlidne med Bøn um, at Dauden inkje skulde koma uforvarande yver nokon av dei Etterlivande. Ogso dette gjorde eit godt Inntrykk. So messad Presten: Herren vare med eder!Folket: Med dig vare och Herren!Presten: Upplyfter edra hjertan till Gud!Folket: Gud upplyfte våra hjertan!Folk gjekk til Altars under Bøn og Song, og etterpaa messad Presten: Tackom och låfwom Herren! Halleluja Halleluja! Halleluja! Folket: Herren vare tack och lof! Halleluja! Halleluja! Halleluja!Presten lyste Velsigningi, og Gudstenesta sluttad med ei stutt Salma.
           
Daapen og Brudevigsla er au litt annerleids enn hjaa oss. Ved Daapen spyr inkje Presten det vesle Daapsbarnet, um det trur alt det, som der stend i dei 3 Tru-Artiklarne _ som i den danske og norske Kyrkja; men i Staden segjer han: Lat oss høyra den kristne Trui, som Barnet skal døypast til! So segjer han fram dei 3 apostoliske Tru-Artiklarne, og etterpaa spyr han inkje. Vil du paa denne Tru verta døypt? men: Vil du til denne Tru verta døypt og gjenom Daapen forbindast til desse heilage Pligter? Fadrarne svarar: Ja.
           
Ved Brudevigsla lyt dei plent hava ein Ring. Presten spyr Brudgomen:
Inför Gud den Allvetande, och i denna Församlings närwaro, frågar jag dig N. N., om du will hafwa denna N. N. till din äkta hustru, och älska henne i nöd och lust?Svar: Ja. Same Spursmaal fær Brudi. So flir Brudgomen Presten Ringen. Med Ringen i Handi held Presten ei Bøn, der det millom Annat heiter: Se nådeligen till det förbund, hvilket desse dine tjenare, med detta wårdtecken, inför Dig besegla!Etter Bøni tek Brudgomen mot Ringen atter og snur seg til Brudi, og medan dei baade halda i Ringen, segjer han: Jag N. N. tager dig N. N. nu til min äkta hustru, att älska dig i nöd och lust, och till ett wårdtecken gifwer jag dig denna ring.Brudi svarar: Jag N. N. tager dig N. N. nu til min äkta man, att älska dig i nöd och lust, och till ett wårdtecken mottager jag denna ring. So set Brudgomen Ringen paa Fingen aat Brudi, og Presten segjer: I Namn Gud Faders, Gud Sons och den helige Andes Amen.Presten held fleire Bøner, formanar og messar.
           
Etter dette vil ein kannskje kunna skyna, att den svenske Kultur (Gudsdyrking, Kyrkjesed) inkje stend tilbake fyr den norske, men helder er meir innhaldsrik enn vaar. Eg veit væl, at dette er nytt fyr fleire norske Bygdafolk; difyre er det, eg fortel det. Etter all den Ufreden, som der hev voret millom Noreg og Sverige det eine Hundratalet etter det andre, er det inkje aa undrast paa, at Folk enno i ymse Bygdalag hev undarlege Meiningar um Svenskarne. Ei svensk Tru hev vortet til eit Ordtøkje, som enno tyder myket, og alltid er det vondt. Det minkar naa med Mistrui til Sverige, som væl er; snart er der inkje meir att av henne. Men i 1814 var ho væl sterk nok. Det var vist ei gjengs Bygdameining, som vart uttalat paa Umframtinget Hausten dette same merkjelege Aaret, daa ein Bondestortingsmann spurde, um Svenskarne var kristne Folk. Og daa han fekk vita, at dei hadde same Tru som me, hadde han ingen Ting mot Samlaget med Sverige.                    
 
( Meir.)