Ragnhild Slettevoll.

[Del 4 av 6. Første delen]
 
(Forteljing av _bjørg.)
             
(Framhald.)
           
No, tenkte Tor, vil eg ’ki hava Ragnhild hjaa Tone lenger, no vil eg hava ho heimatt, hot tru ho heve no lært mest av, eg vonar ho likar ikkje gildt lesa, ja eg kann no faa sjaa, eg lyt fara derburt ette ho. Tor laga til Hesten og kjøyrde til Hagjen. Det var no mest eit Aar, sia Ragnhild hadde tala med Far sin, for han ha’ alli komi der, og naar Ragnhild ha’ vori heimatte eit Par Gaangjer, daa var ’ki Tor heime. Det var seint ein Kveld Tor reiste til Hagjen. Daa han kom fram, bleiv han standande utfor Dyri for aa lye, dei song derinne, men kven kunn det vera, det var tvo som song, alli kom han ihug at vesle Ragnhild alt kunne syngja so; men det Maali var so kjennslegt, han skalv der han stod, for han totte plent det var Aases Maal, og han treiv i Klinka som i Fæla, inn steig han, og kven annan hell Tone og vesle Ragnhild sat og song med Bori. Dei maatte braadleg slutte, for dei bleiv undra yvi slikt Tak i Dyri, men daa dei no fekk sjaa kven det var, bleiv dei meir forundra, daa han au saag so bleik ut.
           
Ragnhild var den fyste til koma seg, ho gjekk fram og glaapte paa Far sin, men han slog Augo ned. Kor her er lengje sia eg saag deg Far, sa ho, kvi hev du alli komi hit førre? Tor kunn ’ki faa fram eit Ord endaa, men seist fekk han daa upp Mæli og fortolde, at han no ville hente Ragnhild heimatte. Skal eg so faa lesa heime daa, sa’ Ragnhild, det er so Moro aa lesa tykj’ eg, Tone segjer, at eg er so god til lesa au no, daa skal eg koma til lesa for dikon heime om Kvello, og so kann eg syngje au. Soso helt Ragnhild paa med sine Røur, og Tone lest, som ho alli gaadde noken Ting. Tor laut daa til spyrje Tone hot ho laut hava, for ho hadde havt Gjentungjen og lært ho, det er nok høyrande ho hev ’ki gjort bare lesi hera hjaa deg, sa’ han, men eg lyt no væl betala deg likevæl.
           
Eg hev alli tenkt paa og teki noko Betaling, men eg hadde gjønne vilt havt ho lenger, det heve vori meg sodan ei Glea aa lært vesle Ragnhild, ho heve alstøtt vori meg til Hugna. No vil du hava ho heimatte, og so maa eg segja ein Ting med deg: du maa ’ki vera stri med denne vesle, ho er so mjuk, ho treng ikkje talast hart til, arbeide kann ho det ho hev Kreftir til, men det maa vera med Maate, eg heve havt ho til arbeit liksomyki som lesi, men ho heve meire Lyst til lesa, so hev ’ki eg meinka den Lysti som laag i Hugjen paa ho, men hell utvikla den.
           
Vesle Ranghild var so forviti for aa koma heimatte au, ho lengta ette Sigurd, dei ha’ alli trefts bare tvo Gaangjer, sia Ragnhild reiste heimefraa og det var med Kjyrkja; no ha’ ho so myki aa fortelja han. _ Men hos kunne dei taka ut i so myrke Kvellen. Jau Tor skunda paa, og Tone bar fram Pargasi hennar Ragnhild, og alt bleiv pakka til.
           
No kom Ragnhild til sjaa paa Tone, og det rann Taarir paa Kinni hennar, Ragnhild bleiv undri og tala so laagt, at ikkje Far hennar kunn høyra det; om ho ville helle, at ho skull vera der hjaa henne, du heve alli graati fyrre, sa Ragnhild.
           
Nei, sa’ Tone, du lyt no vera med Far din og vera lyug mot han, og so maa du ’ki gløyme meg hell. So lyt du kome ihug Bøni di om Møno og Kvell og so vera ei snild liti Gjente.
           
Ragnhild lova alt, og so maatte dei daa ut.
           
Tor ville ’ki gjeta noko om sine Gjiftetankar med Tone, men ho kunne godt høyra det maatte vera noko han ikkje ville ut med.
 
           
Det var daa ’ki lengje Folk turvte drygje, for Sundagjen ette, at vesle Ragnhild hadde komi heimatte, stelte Tor seg upp med sine Stasklæe, sylvknappa Vest og Trøye, og saag so blank ut, som han skull vera Brudgom, og det skull han au maavita. Det var stelt so, at ho Kari og Tor skulle møtast med Kyrkja, for aa vigjast stillt, dei ha’ skipa alt baate med Prest og Klokkar, og seint om Sundagkvellen kom Kari som Kjering til Slettevoll.
           
Tenaranne kom ihug, at det var noko serskilt, med der skulle vera ein liten Vask om Laurdagjen, men ho vesle Ranghild var uviss om alt.
           
Det fylgde ’ki mange Gjestinne med Brurefolki, det var bare Bror til Kari, som daa med sama tok med seg ei Kiste, som ho Kari ha’ væl baate Sylv og Pengar i. Ragnhild bleiv undri yvi, hot dette skulle vera for Slags Stell, men alli tore ho spyrja.
           
Denne Kari sat og glodde so paa ho, at ho viste ’ki hori ho skull gange ette; seist smette ho seg ut og beint til Nordigar med ho. Ho fortalde daa i ei rivande Hast altsama, om Gjestinne, som var heime og om den Kjeringje som stirde so paa ho. Gunhild Norigard rødde daa med Ragnhild: at ho meinte ho fekk ei Mor no i den Kjeringje som ha’ komi der. Far hennar ha’ nok gjift seg med ho i Dag, sa ho, og no lyt du vera lyug og god mot Far din, og den som han hev valt til Mor fyre deg, gjøv ho bleiv deg ei god Mor, sa’ Gunhild og strauk ho paa Kinni. Ragnhild vill til graate, men Gunhild fekk stagge ho sovitt. Denna kann eg alli hava til Mor, sa’ ho, eg vil hava Tone hell deg, helle eg. Aa, sa’ Gunhild, du skal sjaa, du kjem til like ho, naar di bli no kjende, det er ’ki noko sæt paa om du ikkje lika ho i Kveld. Tap bare ikkje Moti vesle Ragnhild mi.
           
Daa Ragnhild kom heimatte, tore ho alli koma inn att, men ho sprang paa Lofti og lagde seg, men ikkje kunne ho faa sova, for Augnataki hennar Kari kom for ho jamt, ho brast i graate og sovna so seist.