Sveriks Nøytralitet.

I den svenske Riksdagen er det gjort Framlegg um Sveriks Nøytralitet _ det vil segja Fredtrygd fyr Landet, soleids, at det i Tilfelle av Krig vil halda seg ifraa all Innblanding, mot at det av dei framande Magter vert lovat Trygd, so det inkje vert gjort Aagrip paa det. Framlegget gjeng daa ut paa, at Riksdagen til Kongen uttaler sitt Ynskje um, at han hjaa dei framande Magter fær ein sodan trygd Nøytralitet godkjend. Framlegget vert studd av fleire av Riksdagens gjævaste Menn, endaa dei hev inkje stor Von um, at det fær Fleirtal fyr seg.
           
Framlegget grunnar dei millom annat paa det, at som Vilkori steller seg i vaart Aarhundrad, kann det inkje nytta fyr Smaamagterne aa tevla med dei store i Uppstelling av store Herar og alleslags Fyrebuingar fyr Ufred. Dei berre armar seg ut med det, og vert etter den Utvikling, Krigskunsten fær i vaar Tid, for lette i Vegtskaali, endaa um dei røyner seg mykje meir enn Stormagterne. Det vesle Landet med faa Menneskjur kann inkje lengje uthalda aa tevla med dei store rike Land utan aa slita seg reint upp, daa det kostbare Krigsstellet sluker alle dei Inntekter, som skulde brukast til aa fremja Landets Utvikling aa Vælvera.
           
Det var likavel inkje Meiningi aa skjota ifraa seg all Fyrebuing paa krig; men ho skulde daa berre ganga ut paa aa gjera Landet ført til aa verja seg, um det skulde verta paasøkt.
           
Der er alt i Europa nokre av Smaastaterne (Sveits, Holland og Belgien), som no er nøytrale, og det er vonlegt, at Trygdi vilde verta større, di fleire det vart av dei.