"Domar i si eigi Sak".

Morgenbladet, Budstikka, Fædrelandet og heile Flokken gjeng Berserkergang, fordi Høgre ikkje i Riksretten fær vera Domar i si eigi Sak.
           
Riksretten burde vera ihopsett slik, meiner dei, at Høgre hadde Fleirtal. Og naar Høgre hadde Fleirtal, so gjeng dei ut ifraa, at Regjeringi vart fridømd. Men no, daa Regjeringi ikkje kann faa laga seg ein Riksrett av berre sine eigne Menn, no, daa altso Regjeringi og Høgre ikkje fær døma aaleine i si eigi Sak. _ no jamrar dei reint av Naudi. Det er urett, det er syndigt, det er ukristelegt, baade Himmel og Jord er i Naud og Faare, _ naar ikkje Høgre fær døma i si eigi Sak.
           
_ Det var nok ikkje faarlegt aa koma under Tiltale daa, naar ein sjølv fekk setja Retten, og det av sine eigne Vener, som ein visste vilde døma ein fri! Men fullt so glatt gjeng det no ikkje altid i denne Verdi, _ ikkje eingong um ein er Statsraad.
           
Thinget kunde ikkje i desse Tider velja Høgremenn inn i Lagthinget. Og det av den Grunn, at Høgremennerne er delagtige, medansvarlege i den Politikken, som Regjeringi hev ført, og som no skal dømast.
           
Dertil kjem, at dei hev bundet seg paa Forhaandtil aa døma paa ein viss Maate. Dei store Tutarhorni for Partiet deira hev sagt paa Prent, at det vilde vera infamt, vera ein Forbrydelse, aa døma Selmers Regjering; og ikkje ein av Høgre-Thingmennerne hev paa nokon Maate motsagt dette. Men Folk, som gjeng inn i ein Rett med den faste Fyredomen, at det vil vera eit Forbrot aa døma paa meir enn den eine fyresette Maaten, _ dei kann og maa ikkje vera Domarar. Dei er etter all Rett og Skikk inhabile elder ubruklege.
           
Riksretten vil denne Gongen vera ihopsett paa den einaste Maaten, som no var forsvarleg. Trudde Storthinget, at Riksraaderne ikkje lenger stod paa Lovens Grunn, so kunde det ikkje setja Folk til aa døma dei, som stend paa den same ulovlege Grunnen, og som hev sin Del av Skuldi for, at Riksraadarne hev faret so galet.
 
b.