[Ein Spilmann fraa Telemark...]

Ein Spilmann fraa Telemark, Halvor Lie fraa Bøherad, han er komen til Byen for aa halda Spiling.
           
Halvor Lie hev voret her fyrr au og haldet Koncert for 7-8 Aar sidan, det var i Lag med Halvor Flateland. Dei vart daa godt mottekne av Folk, og Bladi rosad deim, mest Halvor Lie, endaa han var berre skire Ungdomen daa.
           
Det er væl inkje so mange Bygder, det eg veit, som hev eit so utvikla musikalsk Liv som Bøherad. Det finnst yver eit halvt Hundrad med Spilmenn, og Felur er det i mangein Manns Eige. Difor er det der ogso Felmakarar, som hev Tame til sitt Arbeid, dei gjer Felur, som det sanneleg er verdt baate sjaa og høyra 1) . Det er Hardingfelur, andre er inkje stort vyrde i Telemark, dei kallar dei berre for Dusinfelur. Men Prisen for ei god Fele der kann daa au vera like til 100 Kr. og for gamle Felur vert det kravt inntil 200 Kr. _ Langleiken er au endaa i Bruk der.
           
Det var aa venta, at rett slik ei Bygd skulde kunne ala upp Meistar-Spilarar. Og so er det au. No er Leiv Sandsdalen fraa Seljord og Petter Veum fraa Fyresdal au overs Spilmenn, men Møllarguten var væl Meistaren yver alle; han var komen fraa Bøherad fraa det fyrste. _ Og no er det daa Halvor Lie, som det alt stend Ord av.
           
Han hev soleids ei so god Heimafylgje, som væl nokor Bygd kunde gjeva ein, til i so Maate aa kunna vera full Kar paa Fela. Dertil hev han sjølv so gode Gaavor for Felespil, og han hev fenget Tilføre til aa temja seg upp og læra meir, enn det leggst til for dei fleste Spilmenn i Bygderne. Det er snaut eg hev høyrt Fjellspil med slik Kraft, med so fulle Tak og reine Tonar som hjaa honom, og det er plent Fjellspil likevæl. Han hev laga Slaattar sjølv au, som han væl vil spila.
           
Alle dei her i Byen maa ganga og høyra honom, som likar godt Fjellspil, og som hev Hug til, at det skal hjelpast iveg vaar nationale Kunst og vaare nationale Kunstmenn.
 
 
1) Jon og Knut Eilevsøner Steintjønndalen er i so Maate haldne for dei gjævaste.