[Ikkje ein politisk, berre ein juridisk Straffedomstol...]

Ikkje ein politisk, berre ein juridisk Straffedomstol skal Riksretten vera, segjer Høgrebladi.
           
Var det so, so hadde Grunnlov-Gjevararne gjort ei underleg Gjerning, daa dei stiftad Riksretten. Kva skulde ein med Lagthingsmennerne i ein juridisk Domstol? Høgsterett aaleine vilde daa vera nok; og um dei vilde havt fleire med, so maatte dei daa ha teket Juristar, Professorarne i Lovkunnskap elder slike. Men aa setja Retten med for det meste Folk, som kann vera Lægmenn i jus (Riksretten kann sitja med berre 4 Høgsterettsassessorar), _ det vilde vera den reine Tankeløysa, dersom Riksretten skulde vera berre ein juridisk Straffedomstol, som Høgre segjer.
           
Nei, Riksretten er ein Domstol, som skal avgjera og døma um politiske Forbrot; og difor skal ikkje Juristarne vera Herrar der; men gode og vituge Menn, som er valde av Folket og kjenner Folkemeiningi og Landsens Stell, dei skal vera dei sterkaste; for der gjeld det ikkje fyrst og fremst Lovkunster, men det gjeld Spursmaal, som kann vera av den største Vigt for baade Land og Folk, endaa um Loven i si ytre Form ikkje var broten.
 
b.