Dei smaa Styvlarne.

(Av Coloman Mikszàthfraa Ungarn.)
           
 
Det hev voret Styggevedr all Natti med Regn, Storm og Toreslaatt. Um Morgonen er heile Himlen liksom yversaadd med smale graa Sky-Stripur, og det ligg tett med avbrotne Greinar paa Marki. Regndroparne glitrar paa Blomarne og Graset, og Vatnet fyssar i Kyrkjebekken.
           
Skodda krullar seg ihop yver den vaate Marki, klaar og lett som ein Musselins-Kjole. Røyken fraa Pipurne i Landsbyen stig ende upp. Detta er Merke paa, at det ikkje vil koma meir Regn, endaa Himlen er myrk og graa som Bly, mest liksom Andlitet paa den gamle Bizi, som stabbar bøygd og kruken nedetter den lange Gata i Lag med Murmeisteren Steffen Szücs.
           
Gamlen er fælt so ihopkrøkt, Stakar. Det er nok ikkje aa undrast paa helder. Det ramlar ned yver han med Ulukkur; Dotter hans døydde, det kom Sykje paa Kreturi, og dei hadde stolet Hestarne hans.
           
Han fær kjenna, at Guds tugtande Hand kjem tungt yver han, fyr di han ikkje vilde skyna paa, kor godt han hadde det, daa Gud berre sende han det, som godt var. No kunne han gjerne vera mjuk imot Gud, for no laag den vaksne Son hans nett og stridde med harde Dauden. Han hadde lovat, at soframt Sonen kom seg, skulde han berre gjera godt med Rikdomen sin.
           
Men det saag ut fyr, at dei himelske Magterne ikkje brydde seg nokot større um det, han hadde lovat. Det var reint som eit Under, som hende. Han hadde gjevet eit Maria-Bilæte til Kyrkja, men daa dei skulde hava det dit, og dei kjøyrde yver ei Bru, so rauk Brui, Hestarne druknad, og Bilæte vart knustrat.
           
Folk stod inne i Gardarne og attum Gjerdi og tittad og kviskrad etter han, der han drog seg nedetter den lange Gata med det vesle flein-skollutte Hovudet ned imillom Herdarne.
           
Lat vera han, segjer Anna Bønger, de skal daa ikkje gjera han nokot vondt, kor som er. Gud tugtar han hardt nok likevæl. Legg nokre Pinnar under Kjetelen, medan eg rører.
           
Veden er raa, segjer Enkja hans Mathias Esupor, i mi Tid brann Veden annarleids, Anna! Men det er Bizi, som er Skuld i det. Hev du høyrt gjetet, kvat som hev hendt no inatt att?
           
Meinar du det med Steinkrossen paa Kyrkjegarden?, sagde Anna.
           
Eldingen slo ned i Krossen og knustrad han, sagde Enkja; og det var igaar fyrste han vart uppsett, og dyr var han og.
           
So gjeng dei tvo dit ut daa, fulla, svarad Anna Bønger. Svint deg, vesle Anders, og sjaa etter, um dei krøkjer av ved Brunnen.
           
Vesle Anders kallad dei fyr Landsbyens Barn. Han var ein stakars foreldrelaus Gut, som sat paa Huk midt i Garden ved Kjetelen, som dei heldt paa og kokad Plomur i, og der var det fælt unaleg fyr han, for han vermde Føterne sine ved Vermen _ det var so ille kaldt, maa vita _ og so fekk han ender og daa Lov til aa smaka paa det, som var i Gryta.
           
Han vart fælt leid, fyr di han no laut avstad, berre fyr den gamle Bizi si Skuld. Han ruggad etter dei, men han likad seg ikkje. Jau, dei krøkte av til Kyrkjegarden.
           
Det var sant lell, som Kjeringarne hadde sagt, den naudfine raude Steinkrossen laag sundbroten i Graset. Kor hadde det no vortet av dei gyllte Bokstavarne: Gud til Ære reist av Josef Bizi! Tett attmed Bokstavarne hadde Guds Elding kløyvt Steinen, liksom han vilde segja: Eg treng ikkje um, at du ærar meg, Josef Bizi; eg vilde ikkje hava Maria-Bilætet ditt, denne Steinen vil eg ikkje hava der helder.
           
Den gamle Mannen snudde Andlitet burt fraa Jordi, der Gaava hans laag i mange Bitar, men han vaagad seg ikkje til aa sjaa upp mot Himlen, som var so harm paa han. Medan han stod og grundad, feste han Augat paa den vesle Guten, liksom denne Krull-Toppen hadde skotet seg upp millom Himel og Jord.
           
Anders studde seg til eit Aske-Tre og drog takomtil den eine og takomtil den andre Foten upp av den feite Kyrkjegards-Jordi, som dei seig ned i, og so glodde han nyfiket burt paa Bizi.
           
Lat oss hava oss herfraa, sagde Steffen.
           
Men kvat skal me gjera med Krossen, spurde Bizi, reint med Graatmaal. Vil du setja han ihop att?
           
Nei, svarad Steffen klanglaust; Det som Guds Hand hev sundbrotet, skal ikkje Manna-Hand setja ihop att. Ja Gud hev sanneleg heimsøkt dykk.
           
Tennerne skranglad i Munnen paa den gamle Mannen. Ja, naar han vilde heimsøkja meg, berre, sagde han og vart sinnad, men han hev heiltupp teket meg med Hud og Haar!
           
De lyt tola det, Hr. Bizi, sagde Steffen.
           
Du skal tru meg Steffen, sagde Bizi, eg er ikkje ein laak Mann.
           
De var ein Gnekar, hjartelaus og kaut. Og lat oss no segja Sanningi, sagde Steffen, de hev samlat Rikdomen dykkar ved Oker-Rentur.
           
Aa, eg bryr meg ikkje um Pengarne mine lenger, sagde Bizi og stunde, eg frys, eg skjelv, eg tviler fyr det gjeng galet med meg. Det er plent, liksom ei Hand vilde kreista ihop Hjartat paa meg. Du skal sjaa, det lurer ei Ulukke etter meg att. Aa, du umettelege Gud, korleids skal eg blidka deg?
           
Dei gjekk ut or Kyrkjegarden.
           
Nei sjaa den Kulten, sagde Steffen, han er heile Tidi i Hælarne paa oss. Kor raude Føterne hans er i Kuldi. Vil du forda deg herfraa, du Styggen!
           
Nei, jag ikkje Guten av, sagde Bizi, eg tykkjer det gjer so godt aa sjaa han her utmed oss. Kom hit Barnet mitt.
           
Gamlen kjende liksom paa seg, at Eldingen braatt kunne slaa ned fraa den myrke Skyi, som han saag yver seg, men at han ikkje vilde slaa ned, so lenge Barnet var med dei.
           
Kom hit du, Guten min, sagde Bizi eingong til.
           
Det er betre han gjeng heim, sagde Steffen, han kann frjosa av seg Beini i denne Kuldi.
           
Kvifyr hev du ikkje Styvlar paa deg, spurde Bizi blidt.
           
Eg hev ingi, sagde Guten sorgall.
           
Kvifyr let daa ikkje Far din sy Styvlar aat deg, spurde Bizi.
           
Eg hev ingen Far, svarad Guten likeglad.
           
Detta totte Bizi var svært, at Guten svarad so likeglad. Korleids kann nokon veksa upp, som ikkje veit nokot um, kvat Kjærleike er?
           
Bizi sagde ingenting og tok vesle Anders med seg og leidde han nedetter heile den lange Gata radt til Kyrkja. Der var der eit Hus, og yver Døri var det maalet tvo Styvlar med Sporar og gyllte Duskar, og under der stod det:
           
Stephan Filtsik, Skomakar.
           
Tak Maal av eit Par Styvlar til detta Barnet, Hr. Filtsik, paa mi Reikning, sagde Bizi.
           
Filtsik saag paa Guten og sagde: Eg hev nettupp eit Par slike smaa Styvlar ferdige. Eg vaagar Finnmudden min mot ein gamal Frakk, at dei høver.
           
Han kom med Styvlarne, og dei høvde so godt, som dei var gjort til han.
           
Guten vart overlag glad, og det skjein yver heile Andlitet hans, og han stampad fælt so kaut av Garde etter Gamlen.
           
Daa dei kom ut, var Skyerne liksom undansopt, ein Solstraale dansad yver dei sorgfulle Andlits-Dragi hans Bizi, Himlen liksom smilte, Gras-Straai paa Vegen og jamvel Vassdiplarne log imot han.
           
Han kjendest lettare, liksom han andad ei onnor Luft.
           
Gjev meg Handi, Barnet mitt, du hev slik god varm liti Hand; vil du vera med meg?
           
Vesle Anders saag fornøgd paa Styvlarne og sagde:
           
Eg vilde gjerne attende til Plome-Kjetelen.
           
Nei, kom med meg du, sagde Bizi, Her bur eg.
           
I Døri stod Kusken hans og ventad og hadde Tidend um, at dei hadde funnet dei stolne Hestarne. I Forstova stod Lækjaren og saag vælnøgd ut: det var ingen Faare fyr Sonen lenger.
           
Fader Bizi saag takksam upp til Himlen.
           
Kor langt undan Himlen er, og endaa er han so nær! . . . .
           
Med eit Par smaa Styvlar kann ein naa dit upp paa ein Time.