Gjenom Dalsland og Vestergötland.

[Del 12 av 12. Første delen]
 
(Framhald).
           
Der er meir Kongestas i Sverige enn i Noreg, som ventande er, avdi Kongen bur der i Landet og stend nærare all Dagsens Strid og Stræv. Naar der er Tale um Riksstyre og Riksdag, vert Kongen alltid nemnd. Dei gamle Kongarne kjem au tidt paa Tale, og ofta vert det rødt um, kven som var den mest dugande, elder kven som styrde best. Desse Kongstankarne heng ihop med den svenske Histori og kjem seg væl av, at Sverige i dei siste Hundradtali hev havt mange duglege Kongar. Dei gjerer myket godt desse Kongstankarne. Minni um dei sigersæle Kongarne eldar upp Fedralandselsken og manar dei gjæve svenske Gutarne til aa liknast Federne. Det kostar meir fyr oss aa faa Ljod i den Strengjen, daa den beste Kjempetidi vaar ligg so langt burte, at Segni jamnaste er gløymd i sjølve Heimen, so det mest berre vert ei Skulesak aa draga henne fram. Men med alle sine Kongsdraumar hev kannhenda mange Svenskar verre fyr aa skyna si Tid og døma rett um Dagsens Strid. Den politiske Striden i vaart Land vart soleids av mange teken fyre ein Strid um sjølve Kongen elder rettare, um Noreg skulde vera eit Kongedøme elder ein Republikk. Det var naa helst Høgremenn, som dømde so skjeivt, og dei sagde, dei hadde fenget den Meiningi av norske Blad (truleg Høgreblad); men det var nok inkje fritt fyre, at same Tankjen spøkte hjaa ymse mindre upplyste Venstremenn, berre med den Skilnad, at desse totte, det var rett og godt ogso fyr Sverige, at Nordmennerne stemnde fram i den Leidi. Eg aktad meg væl fyre aa føra Talen inn paa den saare Striden, søkte eg so godt, eg kunde, aa greida ut, kvat det er Folk kavast um i vaart Land. Løglegt nokk raakad eg Folk, som mest inkje vilde tru det. Det laut likavæl vera Republikken, dei norske Venstremenn stridde fyre, meinte dei; for han Bjørnstjerne Bjørnson var Republikanar, og han var daa Føraren fyr Venstre i Noreg. Sovidt eg kunde skyna, kjenner Svenskarne mindre til Noreg enn me til Sverige. I Gøtaborg var ellest Kjennskapet til Noreg inkje so litet; der hadde mange god Greida paa den norske Striden, takkat vere Bladet Götaborgs-Handels- og Sjöfarts-Tidning! men andre Stader i Sverige er Bjørnstjerne Bjørnson mest den einaste Nordmannen, dei kjenner Namnet paa og spyr etter. Den fyrste svenske Skulemannen, eg vitjad, tok fram eit Bilæte av Bjørnson og spurde, um eg kjende den Mannen. Det same Spørsmaalet fekk eg mest alle Stader. Eg totte Svenskarne hadde alltfor store Tankar um Bjørnson og vilde liksom, at han skulde vera allt her i Noreg. Dette kjem væl av, at dei kjenner for litet baade til han Bjørnstjerne Bjørnson og til Noreg. Eg fekk mange løglege Spørsmaal um Bjørnson som t. D., korlenge han hadde voret Præsident i Riksdagen (det norske Stortinget), kormange han hadde med seg i Riksdagen, kor stor Løn han hadde som Embættsmann o. s. v., og ein Bonde, som ellest var klok i mange Ting, trudde plent, at Bjørnson var Prest. Ja, Gud betre os fyr ein slik Prest, som han er! laut eg svara og tottest vera nøydd til aa fortelja, korleids det stend til med Trui hans.
           
Bonden i Dalsland og Vestergötland stend inkje yver den norske Bonden i Upplysning, ifall han inkje stend under; men han kann verta betre, avdi den svenske Folkeskulen er komen betre i Veg enn den noske. Naar eg fyrst skal nemna sjølve Læraren, som er det fornemste fyr ein Skule, so hev han lenger Læretid paa dei svenske Seminar enn paa dei norske, so han betre fær melta og smelta Kunnskaparne og slepp aa drivast fram til aa renna upp som ein Sopp soleids som hjaa os, der det mest skal framifraa Hovud til aa kunna verta til nokot, ifall ein inkje hev lært myket, fyrr ein kjem inn. Fyr det andre er den aarlege Skuletid au lenger i dei svenske Almuskularne enn i dei norske, og der vert gjort mindre Skil paa By og Land. Den same Skulelog elder Kongl. Maj.ts nådige stadga angående folkundervisningen i riket gjeld baade i Byarne og paa Landet. Av Almug-Skular er der i Sverige tvau Slag. Smaaskulen dei kallar er fyr barn millom 7 og 10 Aar, men vart fyrr og kannhenda ender og daa enno søkt av eldre Barn. Sume av deim er flytjande og sume fast, og dei kann hava anten Lærarar elder Lærarinnor. Her etter vert det væl helst det siste. I kver Sokn skal der desutan ogso vera minnst ein Folkeskule, som skal kunna taka imot alle Born yver 10 Aar. Denne Skulen hev jamnaste fleire Lærarar og kann best liknast med den høgare Almugskule hjaa os. Læreemni er:
           
Kristendomskunnskap, modersmål (läse-, tal- och skriföfningar), räkning och geometri, geografi och historia, naturkunnighet, teckning, sång, gymnastik, samt trädgårdsskötsel och trädplantering, der lämpligt jordland härtill blifvit upplåtet; hvarjemte undervisning i slöjd må kunna af skoldistrikt som sådant önskar, vid skolan anordnas för de barn, som af föräldrar eller målsmän anmälas att deltaga i denna undervisning.
           
Dei driv mange Stader svært myket paa med det dei kallar sløjd (Handgjerd). I dei øvste Klassar vert der i Götaborg og truleg fleire andre Stader teket ein Tredjedeil av Skuletidi til detta Arbeidet. Duglege Skulelærarar jamrad yver, at detta var til Skade fyr dei aandelege Læreemni, som vart sette tilsides, som ventande var, og detta kann verta galet nok fyr den svenske Folkeskulen, endaa det er gjort i den beste Meining fyr aa hjelpa fram huslegt Smaaarbeid, som det mange Stader stend laakt til med. Bøndarne skal vera svært trehendte i mange svenske Bygdalag, segjer dei.
           
Sovidt eg kunde skyna, gjerer Svenskarne myket fyr aa hjelpa Fattikborn til aa søkja Skulen. Desse vert snarare hjelpte med Klæde og Sko enn hjaa os, og ifall det kann turvast, fær dei Mat paa sjølve Skulen elder dikt attmed. I Vestergötland var det Sild og Braud med Mjølk til, Borni fekk til Middagsmat paa Skulen, og i Götaborg fekk kvert Fatikbarn eit stort godt Rugbraud kver Dag, det søkte Skulen; men kom det inkje paa Skulen, fekk det inkje nokot. Det vart inkje haldet fyr Skam aa taka imot Skulebraud, men helder fyr ei Æra. I Hallingdal skal dei hava byrjat med nokot liknande, ettersom eg hev høyrt gjetet. Der fær Borni Graut og Mjølk til Middags paa Skulen. Det kann synast vera Smaating detta; men det hev meir paa seg, enn mange vil tru. Borni kann inkje i Lengdi halda det ut paa Skulen med litet elder inkje Mat, og naar der er smaatt med alle Ting i Heimen, so dregst dei arme Borni til Skulen som til ein betre Heim, der er nokot aa faa baade fyr Kropp og Sjæl. Og som ein kjær Heim bør Skulen alltid vera fyr Borni, anten han kann skaffa Graut og Mjølk elder inkje. Og so hev den svenske Folkeskulen ein Fyremun framfyr den norske i det, at alle svenske Skulebøkar er paa svenskt Maal, medan dei norske er paa danskt. Men lat meg naa inkje halda Folk uppe lenger med aa røda um det svenske Skulestel, for daa kunde me verta verande her alltfor lenge. Eg takkar deim, som hev fylgt meg gjenom Dalsland og Vestergötland og vonar, det skal laga seg so væl, at me ein Gong raakast atter lenger Sud.
                       
 
Prentevillor.
           
I Stykkjet Gjenom Dalsland og Vestergötland er der fleire Prentevillor; desse er dei værste:
           
Fedrah. No. 3 Sida 11 2dre Bolken (Spalta) stend Rusling istadenfyr Rusking, No. 4 S. 15 2dre B. 12te Radi nedanfraa lenge istadenfyr longe, No. 6 S. 23 1ste B. yvste Radi eller ist. ellest, same S. 2dre B. 4 R. nedanfraa Hovden ist. Kodden, No. 8 S. 30 4de B. 2dre R. tykkjer istadenf. tykkjest, No. 9 S. 34 2dre B. 13de R. Sundagsmøti ist. Sundagsnotti, og i No. 10 S. 38 1ste B. 8de R. stend: Nei det vilde eg daa inkje istadenfyr: Nei, dit vilde eg daa inkje.
 
J. V.