Julirevolutionen.

[Del 1 av 8]
 
1. Det heilage Samlaget.
           
Det var stillt att i Europa etter Kjempe-Striden i 1812 _1814. Napoleon var avjagad, og dei gamle Kongs-Ætterne hadde dei fleste Staderne sett seg i Høgsætet att. Kongarne hadde med fagre Ord lovat Folki Fridom og Sjølvstyre, naar dei vilde slaast med den store Hardstyraren, og Folki hadde aust ut baade Blod og Pengar til aa vinna Fred og Fridom; men daa Sigeren var vunnen, vilde Kongarne hava all Vinningi sjølv, godkjende ingen Rett fyr Folki og tenkte berre paa aa innføra so mykje som mogelegt av gamle Tilstand og kvæva all Lengting etter Fridom og Framgang.
           
I Upplysnings-Tidi gav flestalle upplyste og høgsette upp den gamle Kristen-Trui, og uppe i Høgderne raadde Vantrui lenge, men Folket heldt paa Trui. Seinare daa det nationale for til aa vakna og Romantikken vende seg burt fraa den kalde Forstands-Diktingi og attende til Millomalderen med dei sterke og varme Kjenslur 1) , daa for mange og til aa styggjast ved den kalde Forstands-Trui. All Styggedomen, som fylgde med Revolutionen, og alle Ulukkurne, som kom yver Folki under den lange Ufreden, gjorde og mykje til aa vekkja eit nytt Kristendoms-Liv. Soleids livnad daa Kristendomen upp ihop med den nationale Sak. I Norig preikad Bonden Hans Nielsen Haugeum Bot og Umvending, fraa 1797 og frametter, og vekkte eit sterkt religiøst Liv hjaa Aalmugen, endaa dei Styrande var etter han og hadde han i Fengsel 11 Gonger, siste Gongen i 11 Aar. (For Læk-Prædikantar hadde ikkje i den Tidi Lov til aa preika Guds Ord).
           
I Danmark heldt Nikolai Frederik Severin Grundtvigi 1810 ei djerv Tale yver dei Ordi: Kvi hev Herrens Ord komet burt fraa hans Hus?
           
Sameleids i andre Land og.
           
Detta nye religiøse Livet vonad Fyrstarne no dei kunne bruka til aa magtstela Folki og hindra all Utvikling.
           
Den gjævaste av alle Fyrstarne i Europa var Aleksander, Kjeisaren i Russland. Han var Løva paa Wiener-Kongressen. Ung var han, einveldig Styrar fyr eit stort Folk, som aldri vilde mukka mot Kjeisaren sin; han hadde voret den einaste paa Fastlandet, som heldt ut mot Napoleon, daa alle hine rauk, han hadde øydelagt Napoleon i den store Striden. Han hadde i lang Tid voret Fritenkjar og Upplysnings-Mann; men Draapet paa Fader hans, Kjeisar Paul, hadde lagt ein myrk Skugge yver hans Liv. Dei store Ulukkerne, som hende i 1812, men mest den forfælande Elden i den gamle heilage Kjeisarstaden Moskva skok so hardt i han, at han sidan tydde seg til Guds Ord. Han var lett aa tøygja til ymse Sidur. Han vilde vera Fyrstemannen til aa varna um det gamle, men samstundes vilde han vera den fyrste Folkevenen og, men aldri avøygde han det, som kunne vera til hans eigen Bate, helder.
           
Ein liten Ring av mystisk-religiøse Kvinnur og Menner verkad paa Kjeisaren. Den mest namnkjende av dei var Fru von Krüdener. Ho hadde voret rik, aandfull og fager i sine unge Dagar og vart skild fraa Mannen sin. Seinare tok ho til med eit heilt Fylgje og fara umkring og preika Trui og kristna Verdi. Ho kom til Wien og, medan Kongressen var der, og heldt Aleksander fyr ein stor Herrens Reidskap, den kvite Engelen, liksom Napoleon hadde voret den svarte Engelen, og Aleksander lydde etter ho, trudde paa Fyretolurne hennar og bad med ho. Av dei Mennerne, som var med i denne Ringen, er den merkelegaste Bergasse, som dreiv hardt paa med Magnetisering 2) og gjorde Undergjerningar.
           
Desse fekk Kjeisar Aleksander paa den Tanken, at han skulde slaa Religion og Politikk ihop og semja Rusland med Frankrike og soleids bøta paa det vonde, som Revolutionen hadde komet av Stad. Han tenkte paa aa fri dei kristne i Tyrkiet fyr det muhamedanske Herredømet og soleids styrkja Rusland paa den Kanten, og Kristendomen skulde gildast av Sigeren baade yver Tyrkar og Heidningar; til detta skulde Frankrike hjelpa han, naar fyrst alt det gamle legitime Stellet var sett i Høgsætet att. Daa Frankrike i 1815 tingad med hine Magterne um Fred, og Folk fekk vita um desse Tankarne hans Aleksander, so fekk dei finaste Franskmennerne no gudelege Talemaatar paa Tunga, og Aleksander hjelpte Frankrike til ein rimeleg Fred, som høvde med den kristelege Politikken. Tyskland vilde havt att Elsass og Strassburg, men Aleksander vilde ikkje gjera Tyskland for sterkt, so Frankrike slapp med aa gjeva fraa seg nokre smaa Festningar og Landstykke og betala 700 Millionar Francs, men so skulde det føda i 5 Aar paa 150,000 framande Soldatar, som skulde tvinga Frankrike til aa finna seg i det bourbonske Styret og den kristelege Politikken.
           
Medan Aleksander var i Paris, sette han ihop, etter Samraad med Fru von Krüdener og Bergasse, eit Forslag til eit heilagt Samlag, som skulde vera bygt paa ein heilt ny Folkerett paa kristeleg Grunn. I detta Forslaget stend det millom annat, at Kjeisaren av Russland, Kjeisaren av Austrrike og Kongen av Preussen var komne til den faste Trui, at det var naudsynlegt aa grunnleggja Tilstandet millom Magterne paa den høge Sanningi, som Guds, Frelsarens, ævige Religion lærde, og at dei baade i Styringi av sine eigne Rike og imot framande Magter berre vilde retta seg etter denne heilage Religions Fyreskrifter, det som Rettvisa og Kjærleiken og Freden baud dei. Daa den heilage Skrift vilde, at alle Menneskje skulde vera liksom Brødrar, skulde dei tri Fyrstarne vera sambundne ved ein sann og uslitande Broder-Kjærleiks Band, vera liksom Samlendingar og i alle Tilfelle og alle Stader hjelpa kvarandre. Dei heldt seg sjølve fyr Fedrar fyr Folki sine, og difyr vilde dei styra dei i den same Broder-Kjærleikens Aand til aa tryggja Religionen og Freden og Rettvisa. Den einaste Grunnsetningi fyr Fyrstarne og fyr Undersaattarne skulde vera aa syna Kjærleike og halda seg fyr aa høyra til eit einaste kristelegt Folk, og at dei tri sambundne Fyrstarne skulde halda seg fyr aa vera innsette av Forsynet til aa styra dei tri Greinarne av same Ætti, Russland, Austrrike og Preussen, og paa den Maaten godkjenna, at det kristelege Folket, som Fyrstarne og Folki deira berre var Greinar utav, i Røyndi ikkje hadde nokon annan Styrar enn den, som all Magti høyrer til, for berre hjaa honom fanst alleKjærleikens, Kunnskapens og den ende lause Visdomens Skattar, det vil segja Gud, vaar guddomlege Frelsar Jesus Kristus, Livsens Ord. Alle dei Magterne, som høgtidleg vilde godkjenna desse Grunnsetningarne, og som skynad, kor vigtugt det var fyr Folki, som altfor lenge hadde voret uraat, at desse Sanningarne heretter fulltut kom til aa raada fyr Lagnaden aat Folki, skulde dei baade med Gleda og Kjærleike taka upp i detta heilage Samlaget.
           
Soleids vilde Aleksander imot Revolutionens Dæmonokrati (Develsstyre) setja eit monarkisk Theokrati (Gudsstyre). Folki skulde no vera umyndige, liksom Borni; dei skulde ikkje faa vita um detta løyndomsfulle Samlaget, som berre skulde vera millom Fyrstarne, som no skulde vera liksom Fedrar og Formyndarar. Difyr var det berre Fyrstarne, ikkje Ministrarne, som skulde skriva under. Kong Fredrik Vilhelm den 3dje av Preussen skreiv under radt. Kjeisar Frans av Austrrike var traa aa faa til; i hans tronge Hjarta fanst det ikkje Rom aat ein einaste stor Tanke. Daa Aleksander sagde, at han hadde nokot løyndomsfullt, som det laag mykje Lag paa, aa tala med han um, svarad han: Gjeld det med detta løyndomsfulle Religionen, maa eg spyrja Skriftefar min, gjeld det Politikk, maa eg spyrja Utanriksministeren min. So spurde han Utanriksministeren sin, Metternich, og daa han svarad, at alt ihop var berre meinlause Talemaatar, so skreiv Kjeisar Frans under. Sidan baud dei alle hine Fyrstarne vera med, so nær som den tyrkiske Sultanen, som var Muhamedanar, og Paven, som ikkje kunne vera med, av di det heilage Samlaget ikkje heldt seg til nokor serskild kristeleg Læra. Alle skreiv dei under og, so nær som Prins-Regenten av England (Georg, som styrde fyr Fader sin Georg den 3dje, som ikkje var klok); for etter engelsk Skikk kunne ikkje Kongen skriva under eit Samlag, som skulde vera reint personlegt, og som ikkje den andsvarlege Utanriksministeren skulde sjaa; men han sagde, at han samtykte dei Grunnsetningarne, som hine hadde vedteket.
           
Av Fyrstarne var det venteleg ikkje andre enn Kjeisar Aleksander og Kong Fredrik Vilhelm, som meinte det ærleg. Men det gjekk ikkje med Samlaget slik, som desse hadde tenkt. Det var Metternich, ein falsk og innful Mann, som kom til aa raada mest no, og han hatad all Folkefridom. Difyr kom Samlaget aldri til aa fremja Kristendomen, men til aa arbeida mot alle Fridoms-Tankar, mot at kvart Folk hadde Husbondsrett i sitt Rike (Folke-Suveræniteten) og mot all Utvikling; det heldt uppe Einveldet og alt gamalt. Russland, Austrrike, Preussen og England gjorde dessfyrutan Samlag til aa hindra, at Frankrike skulde brjota Freden att elder gjera Revolution.
           
Til aa styrkja denne kristelege Politikken i alle Land vart dei 4 Stormagterne samstellte um, at dei ender og daa skulde halda ein Kongress, so Folki aldri skulde naa det, som Fyrstarne hadde lovat, daa dei trong um Hjelp mot Napoleon.
           
I meir enn 10 Aar stod Europa under detta Formyndarskapet.
 
 
1) Sjaa Fraa 1789 _1815 S. 159.
 
2) Ein Doktor Mesmerfann paa aa magnetisera Folk, so dei vart liksom fraa seg sjølve, og daa kunne dei lesa i ei Bok, som laag paa Hjartat deira, lesa Brev, som laag i Lummurne paa andre Folk, vita, kvat andre Folk tenkte paa, spaa og mykje annat slikt.
 
[ Meir]