Tidender.

Kristiania, den 7de April.
 
Riksretssaki byrjad dei paa med i Odelstinget igaar og held paa med endaa. Amtmann Bang steig fyrst fram som Ordførar for Mindretalet, som ingen Riksrett vilde hava. Det var Meiningi hans, at Regjeringi inkje galet hadde gjort, men det var Stortinget, som hadde Skuldi. Med Grunnloven var det slik, at i 1814 var det det gamle Monarkiet, som dei bygde paa og berre gjorde nokre Skor i. Rektor Steen kom so upp, Formannen i Protokolnemndi, og forsvara Innstellingi, greidt og godt var det han talad. Sia var Skuledirektør Bonnevie upp. Dei tykkjest inkje hava mykje Grunn for seg Høgre med aa tala Regjeringi fri, Tankarne deires er for gamle til at det kann gjera nokon Mun no i vaare Tider.