[17de Mai...]

17de Maivart halden paa vanleg Maate her i Kristiania. Det var so fint og blankt eit Veer, varmt i Lufti og full Vaar, Lauv paa alle Tre og Aplarne alt i Blom _ det var som laga til Fest. Um Morgonen vart det spila Sametonar fraa Taarnet paa Vaar Frelsers Kyrkja. Og so var det Smaagutarne, som stemnde gjenom Gaturne kvar med sitt Flak; det var vent aa sjaa, heile Gata var full av dei, so langt ein kunde øygna, og paa baade Sidur stod Manngarden so tett, og so ropad Gutarne Hurra, so det ljomad. Det vert haldet ein Tale aat dei ved Stytta hans Henrik Wergeland, og so sang dei etterpaa. _ Fyrr nokre Aar sidan var mest alle desse Smaaflaki reine, men iaar var det meste Delen, som var unionsmerkt; det var til Glede for Morgenbladet, som set Unionen yver alle Ting jamvæl paa slik ein Dag, som daa er ein Fest helst for oss sjølve, for vaar eigen Fridom, for vaart eiget Folk. Det er so vondt aa sjaa, at Kristiania, som Hovudstad skulde vera, der er det Fridomstankarne minst hev havt si Rot, og der er det dei seinast kann koma til aa visa si Kraft. Difor vert ogso 17de Mai-Festen i Kristiania jamt so bleik og kald, endaa det vert inkje spara paa Stasen. Det rette Liv, den rette Samhug og Gleda, det er det, som vantar.
           
Um Ettermiddagen var det den andre Ferdi, som skreid gjenom Gaturne, kvart Lag med sine Fanur og klingande Spil. Kristiania Folkevæpningsamlag var med fyrste Gongen iaar, med si nye gilde norske Fane. Ferdi stanad paa Festning-Plassen, der Byskrivar Pettersen heldt Talen. So rart det kann høyrast, so var det daa so, at det fyrste, han sagde paa denne Fest, det var: Leve Kongen, og so Hurra paa det. Det var inkje høvelegt den 17de Mai til aa koma fyrst, den Dagen, daa me skulde minnast det norske Folket berre, kvat det gjorde av seg sjølv, utan at det var med nokon Konge. Men dette, som burde vera det fyrste, det vart gløymt her paa denne Dagen, det vart inkje lyft Hurra for det norske Folket. Kongen hev me ingen Ting imot, at det skal ropast Hurra for honom ogso, men all Ting i rett Tid og paa rette Staden. _ Talen var det faae som høyrde, og ikkje var han anten god hell høveleg. _ Sidan var det Folkefest aa kalla, med Song og Spil og Dans og Eldleik paa Slutten.