[Guteskulen på Sagatun...]

Guteskulen paa Sagatunsluttad Laurdagen den 28de April me ein liten Fest me Talur og Sang. Skulen hev voret i 6 Maanadar (fraa 1ste November). Det er umkring 40 Gutar, som hev voret ved Skulen i Vetter. Eg var paa Skulen etter Jol; det var fire hugsame Maanader. Den myrke og kalde Vetterdagen, daa Snjogen fyk ute, aa sitja i den store, vene Skulesalen og sjaa utyver Mjøsi og dei store, minnerike Bygderne umkring, mea Arvesen stend paa Talarstolen og talar um dei Stormenn, som hev farit der _ ja, um alle gjæve Normenn i Tidi, det er nokot, som ein inkje vert leid av. Arvesen er ein makalaus Kar til aa fortelja; det er som ein ser dei gamle fyri Augom paa seg. Og so daa han talar um dei store Diktarne vaare. Ja, det er Mann, som kann kveikje upp Ungdomen. Den andre Læraren, P. Velde, er og ein dugeleg Kar. _ Blandt dei framande, som var uppe paa Skulesalen, var den folkevenlege Kvinna Maria Vexelsen og hennar Syster dei, som eg saag oftast. _ Den gamle kvithaarade Heidersmannen Bilæthoggar C. Borck med Kona er no flutt til Hamar for aa bu der. Dei var og uppe paa Sagatun _ eg trur det var kvar Dag etter dei kome til Hamar. Borck er einglødande Fædrelands, Fridoms og Upplysningsmann, han talad fleire Gonger um Kunsten o. s. b. _ Ho Thora Kona hans hev eit makelaust vakkert Maal til aa syngje; det var hugsamt aa høyre paa slik Song.
           
Eg hev drøymt lengje um Sagatun og haft store Voner um den, men eg bleiv inkje narrad i mine Tankar. Det var med lett Hjarte og slengde Timbrehoggar-Øksarne eg Gamleklædi mine burt i ein Krok, daa eg saag eg hadde so- mange Pengar i Pungen, so eg kunde faa vera ved Høgskulen eit Bil. Det var uvant for ein Arbeidskar aa faa vera ilag med so mange Bondegutar.
           
Bondeungdomen maa reisa til Folkehøgskulen; og naar De so kjem heim, kan De røda um eitkvart, av det hev høyrt, til Arbeidarne, det er godt fyri dei aa vita lite meir, enn kva dei skal gjera for kvar Dag og kvat som hendar i Grendi; og inkje kunde det gjera vont aa vita lite meir um Fedrane enn at Far heite Ola og Bestefar heite Per o. s. b. Fekk Arbeidaren Augat upp fyri nokot annat enn det suraste Matstræv, so trur eg det vilde verta til Gleda i mangei fatik Hytte. Det kunde med Tidi hende, at Arbeidaren tek til aa reisa paa Folkehøgskulen. Soframt dei fekk det i Tankarne sine, so kunde det gange an aa kosta paa ein 3 _4 Maanader _ den svartaste Vettertidi _ av sin Ungdom til Skulen. _ Me veit:
 
Saa skjøn en Drøm ei findes
som den paa kjendte Strand
om Arven, som skal vindes
i Aandens Fædreland.
 
Ja reis paa Folkehøgskulen alle, som kann koma dit, dei vil inkje angre paa det. Arvesen sa fleire Gonger, at som Borni vert uppalet i vaar Heim og Skule i Dag, soleids vert Fedralandet um ein 20 _30 Aar, daa dei, som no veks upp, skal taka Landet i Arv etter oss.
           
Alle maa vera me og byggje sitt Land; reis paa Folkehøgskulen, der fær De Greide paa det. Me vil inkje tapa Modet um det inkje skyt fram so det dunar. Me vil vera fornøgde, berre det munar; daa er det Hugnad aa sjaa.
           
Øysterdalen den 6te Mai 1883.
 
Gunnar