[Kristeleg Barnelæra...]

Kristeleg barnelæraetter Luters katekisma. Av Alf Baartvedt, Stiftskapellan. Kristiansund. Forfattarens Forlag 1882. Pris 0,50. 32 S. Det er visst inkje mange Maalmenn, som veit um, at ei slik Bok er til, det var berre reint ved eit Hende eg fekk sjaa det. _ Ho er ætlad aat Borni ser det ut til og meint paa aa vera som ei Utgreiding hell Rettleiding i Katekisma. Skulmeistrar helst bør difor kaupa henne og freista, korleids ho kann vera til aa bruka. Ho er skrivet paa ei Gjerd, som liknad mykje Høyems Maal; paa same Visi som den Boki, me nemnte um ifjor skulde koma fraa honom: Tru og Livnad, men som me endaa inkje hev set noko til. Det vert uhendeleg, tykkjer mange, ja mistyande ogso, som naar han no skriv slikt som: heiligger-helliggjør-helgar. Og det er hellest mykje Knot vil mange kalla det, slike Ord som Beveggrunn, befale, besøke, bekjenne. Men kannhende det ogso kann hava sin Nytte, at i slike Ting Maalet vert haldet nære attmed det dei er vande med i Skrifterne fyrr _ so for det fyrste, daa det inkje vilde koma so kvast Bræt med det same. Me trykkjer av eit Stykkje til ei Prøva.
 
  Um trua på Heiligånden, Talsmanne, som förer meg inn i Kristi nåde og gåva.
 
47.Eg trur på den Heiligånd, d. e. eg trur og er viss på, at den Heiligånd er sann Gud med Fader og Son, og litar eg på, at han verkar i meg trua på Guds nåde i Kristo Jesu og ger nytt menneske av meg.
           
48. Ei heilig ålmenn kyrkja. Fyrst har eg at merka, kven Heiligånden er, deretter ka han ger til frelse og sæla for meg. Den Heiligånd er ingen annan, ingen minder enn han, som er sett på sida av Faderen og Sonen, den sannings Ånd, som utgår frå Faderen og kom yver Jesus i dåpen ved Jordan, den Jesu Kristi Ånd, som kom yver disiplarne tiande dagen etter Jesu himelferd.
           
49. Åndens gerning er at vitna um Kristus og verka tru på han og samla dei, som trur, til ei forsamling i Kristo. Det gjorde han alt i den gamle pakt, men serleg skedde det på fyrste pintsefest. Då stiftad han ei heileg ålmenn kyrkja, som eg trur enno er til og skal halda seg som ei forsamling av sanne kristne i verdi, solenge verdi står. Guds faste grunnvoll står med den innskrift: Herren kenner sine.
           
Anm.: Kyrkja er i eigentleg tydingforsamlingi av dei truande, som er i verdi, består av livande steinar, bygd på apostolisk og profetisk grunnvoll so, at Kristus er hyrnesteinen, og ho er etter sitt vesen eitt med Guds rikes vesen, og kem fram i visse utverdes ting, endå det er meir dult enn openbart. Den Heiligånd verkar i kyrkja, som forvaltar Guds ord og sakrament, han deler ut gåvor, samlar og bygger upp. Kyrkja er ei og ålmenn, er ikke berre til visse tider og i visse kyrkesamfund, for visse folk og tungemål, fordi Kristus er ein og ikke delt. Ho er apostolisk i ord og ånd og heilig, skild ut frå verdi, utvald og reinsad i Kristi blod, innvigd at tena Gud i heilig livnad, genom heilige middel, av den Heiligånd men endå ikke fullkomen hernedan, og desse sine eigenskaper er ho usynleg for verdi og kennbar berre for trua og åndeleg sans, og heilt ut kend af Han, som kenner hjarta. Etter ei vidare tyding, som ogso brukast, høyrer til kyrkja alle, som er døypte og bekenner trua på Kristus.
           
50. Den Heiligånds gerning er det, at ogso eg er komen inn i denne forsamling. Det skedde i den heilige dåp, der han kallad meg til del i Kristi rettferd og liv, til Guds barn og erving. Han verkad i meg trua, og vart eg rettferdig d. e. Gud forlét meg syndi og såg meg i Kristo, som um eg aldri hadde syndat, og vart eg ogso fødd atter til Guds bilæte, til eit nytt Guds menneske med ljos av sanning, med heilig hug og kraft, med gleda og fred. Dette heiter rettferdiggering og den nye fødsel av vatn og ånd. Men syndi kom ikke burt med eingong, den vonde hugen heng ved og skal dagleg legjast av, og det sker, når det nye liv frå dåpen dagleg veks til og fornyast i dagleg fornying. Luter: Eg trur, at eg ikke av eigen styrke og eigi fornuft kann tru på Kristus elder koma til Kristus min Herre, men at eg trur og kem, er den Heiligånds gerning.
           
51. Den Heiligånd verkar ogso dagleg trua i meg ved evangeliet med dåp, vitnesbyrd og nattverd. Det heiter ikke berre: døyp, men ogso: lær dei døypte. Dei skal læra at akta på dåpspakten, på Guds ord og løvte og koma Jesus Krisus ihug, når dei går til Guds bord. Luter: Den Heiligånd kallar meg ved evangeliet, lyser upp i meg ved sine gåvor og ger meg heilig og held meg uppe i den sanne tru.
           
Anm.: Ånden kallar meg atter og atter d. e. bér og innbyr meg, at eg endeleg må koma og ta mot nåde yver nåde, han vekker meg til at sjå meir og meir av mi synd, forat eg skal verta rett hugad og begerleg etter nåden. Han upplyser meg, ger Guds ord til eit ljos i meg um synd og nåde, serleg um herlegdomen i Jesu åsyn, og han heiligger meg, skil meg ut frå verdi og legg hug og kraft i meg at tena Gud. Soleids verkar han på det heile menneske, på kensel, forstand og vilje og ger alle ting nye.
           
52. Når den Heiligånd kallar, upplyser og ger meg heileg, får han meg ogso dagleg burt frå syndi og um til Gud i sann tru og kærleik. Han umvender meg, får meg til at fatta eit annat sind enn det, eg har av natturi, at kenna, angra og sky syndi, tilstå syndi for Gud og bé um nåde. Den, som ikke vender um og vert som barn (i sind og tanke), kem ikke i himmerike. Til sanne umvending høyrer tru på Kristus. Og um begge serleg heiter det. Vend um og tru evangeliet. Trua er sann når eg for ålvor vil ha Guds nåde og gerna vil verta av med syndi, sjølv um eg mest ikke vågar gripa nåden. I slike tunge og myrke stunder kem Ånden og trøstar meg med, at nåden er fri og uforskyld, og lærer meg, at trua ikke er at tru på eigi tru, men på Kristus åleine, på hans død og uppståing. Den veike tru er sann, derimot ikke den daude tru, som biller seg inn at stå i nåden utan at venda seg frå syndi. Den sanne tru er altso livande, verksam i kærleik og all god gerning.