[Mange Høgremenn...]

Mange Høgremenn segjer det, at Vinstre inkje likar Kristendommen og vil faa den burt. So skriv dei dette i Blad og Bok og tenkjer som so: Folk utyver Landet vil saa springe yver fraa Vinstre til Høgre, fyst dei høyrer dette. Men det hev seg soleids, at Landsfolket inkje trur, at Høgre segjer Sanning. Og dette fær dei Vissur fyre mest kvar Dag. Folk ser no korleides dei berer seg aat med Prest Oftedal. Det syner sig klaart og greidt, at det Høgremennan vil hjelpe upp, det er deires eigjen sjølvgode Politik. Dei vil raade eisemalle i Landet og styre so, at alt Stort skal auke og det smaa minke. Dette torer dei inkje segja beint fram, og so finn dei paa at dei berre vil verje Kristendomen.
           
Landet eiger ein stor Bygninge ned paa Festningi her i Kristiania. Dei kallar honom Gymnastiksalen. General Wergeland styrer med denne og leiger honom burt til Folk, som spilar eller synge eller annat sovordet for aa tene Pening. No heve mi høyrt det, at Oftedal vilde faa leige eller laane Salen for der aa tala Guds Ord fyre Folk. Men Generalen sagde nei til dette. Og so kom Novembermannen Grosserar Gulbranson og vilde faa Salen til aa halde Novembermøti i. Novembermennan vilde setje seg imot Storthinget. Daa sagde Generalen ja med fyrste Ordet. Og so mødte Novembermennan i Salen. Professor L. Daae, som lønest af Landet, stod daa fram og lastad hardt paa Storthinget. Der site mest Bøndar og dei, meiner han, veit inkje nokot. Dei heve berre ein sekstendels Danelse segjer han. Aa du kloke Professor!
           
Ein gudfrygtig Prest, som meiner at Bøndarne heve Rett i Politikken, han fær inkje Lov til aa tale Guds Ord. Ein Kristiania-Grosserar og ein Professor, som meiner at Storkarane heve Rett i Politikken, dei fær Lov til aa tala vonde Ord mot Storthinget.
           
Den gullrøykte Generalen trur nok det, at Høgrepolitikken er største Sanning.