[To] Stykkje or "Bjørn Berge".

(Forteljing av Oddmund Vik.)
                         
 
I.
 
Det var i ei Fjordbygd vesterpaa, der Folket livde stillt, og kvar Mann strævad med sitt Arbeid utan aa bry seg større um hitt Folket. Dei fleste hadde Gardarne sine og livde godt. Sume av dei vaksne Gutarne foor um Vettrarne ut til Havet og var med paa Vaarsildfisket. Andre tok og ut aa ferdast, kaupte seg Jagt elder Skjøyta og førde Fisk og Sild til Salteplassarne, ja sume dreiv det so vidt, at dei var nordetter lika til Finnmarki og austetter til Sveriks Grensa og ender og Gong til Danmark og kannhenda inn i Austersjøen med. Heime fekk dei daa stor Vyrdnad av sine Sambygdingar, og Smaagutar, som drøymde stort um si Framtid, skipad seg ikkje til aa verta Generalar og Kongar men slike Ferdamenn, at Folk aldri skulde hava spurt Liken. Kjærleiken til Heimbygdi var stor, og difyr saag ein stødt, at desse Ferdakararne sette seg til heime, naar dei sprækaste Aari var yver, kaupte seg Jordveg, elder var det ei Gardgjenta i Bygdi, so fekk ein slik Ferdamann henne. Men det fannst mange, som snaudt hadde voret ut or Bygdi, elder kannhenda dei hadde voret til Bergen saman med Kjerringarne sine, daa dei var nygifte.
           
Naar Mennerne sat saman i Lag, elder Grannarne kom i hop um Sundagskveldarne, bar det laust med Rødur og Forteljingar. Det var daa mest altid fraa desse Utferder i dei unge Aari, og mangein fortalde godt, so det var ikkje aa undrast paa, at Born og Ungdom sat og lydde til dei merkkjelege Tilburdarne desse gamle Gubbarne hadde set og upplivt. Og her fekk Ungdomen dei sterkaste Inntrykki, og difyr var det vel og, at dei sprækaste Gutarne tok ut aa ferdast.
           
Daa Hans Nilsen Hauge steig fram som ein Profet, og Ordi hans gjekk som Eldingar Landet rundt, vann han Vener i Bygdi. Millom deim nemner Folk Olav Bjotveit, Klokkaren. Presten Tonning, som var ill paa Hauge og hans Arbeid, lagde seg ut um aa faa sett Olav Bjotveit av som Klokkar, men Nordahl Brun, som daa var Bisp, heldt paa Olav. Eingong daa Brun var burte fraa Bispedømet sitt, var Tonning ute med Krokarne sine atter og fekk Olav avsett. Bispen kom heimatter og fekk vita, kvat som hadde hendt. Han vart harm og reiste eins Ærend inn til Bygdi og kom tidsnog til aa faa høyra Olav syngja sidste Gongen andre Joledag. Folk hermer, at Bispen skal hava sagt etterpaa: aa jamen song han fint, Olav Bjotveit, i Dag. Daa Olav sette yver Fjorden saman med si Syster i Herren, Kari Øystesyn, bleiv han, men Minnet um baade tvau er livande den Dag i Dag. Ordi aat Hauge og desse tvau livde saman i Bygdi, og mangt eit Hjarta fann Løysing og Svaling ved deim. Olav Bjotveit var ein Storsyngjar, og etter honom kom det ogso Klokkarar, som var framifraa til aa syngja. Desse heve visst gjort mykje til aa festa den merkjelege Kyrkjesongen, som endaa liver i Bygdi. Det Aalvoret Hauge vekkte heve her vovet seg saman med det samhøvande i det norske Huglyndet, med Hugverken og den bivrande Bøn i Visetonen og Felelaaten. Men Folkevisa, som hadde boret Tonarne, døydde ut med so gjort, og Fela, som hadde tolkat deim, vart syndug. Ein kjenner seg reint undarleg i Hugen, naar ein høyrer denne Salmen sungen med den gamle Folketonen:
 
Eet er nødigt, dette ene
lær mig, Gud, at kjende ret,
Verden kan mig intet tjene,
skjønt den synes fin og slet.
Den er kun en Byrde, som nager og plager
hvor Sjelen dog ingen ret Liflighed smager,
men faar jeg det ene for alting kun fat,
da bliver mig en Ting for alting en Skat.
 
Det læt so tungt og saart, at ein, som høyrde detta som Barn, skynad det ikkje, men han hugsar det paa same Visi som ei Sjaund 1) , som han helder ikkje skynad, og grundar paa det som ei Gaata han seint elder aldri vert ferdug med.     
           
Ellest var det langt ifraa, at alle var Bønefolk, men det aa vera det, stod fyr flestalle som det rette, endaa mange av deim lastad det. Vistnog var Ungdomarne ofta kaate og galne, og dei som ferdadst ute og, men naar dei vart eldre, so stillnad dei av. Soleids kom Livet til aa kløyva seg i tvo Bolkar, ein ung og kaat og ein gamall og gudeleg. Detta kom endaa klaarare fram seinare. Unge Preikarar strauk gjenom Bygderne, maalad med sterke Fargar og gjorde dei rædde endaa ræddare. Dei hamrad laust paa all menneskjeleg Gleda, paa alle menneskjelege Tiltak. Det var Gutar, som sat i Samlingarne og skolv, og som sidan gjekk med Otte fyr, at Sol og Maane skulde bleikna, og at Domedag skulde koma. Kvar liten Ting og kvart litet Hende vart eit Merkje paa, at Stundi var komi, daa alt skulde løysast upp i ingenting. Og mangein gjekk heile den fine Dagen sveitt og kald av Rædsla. Naar so Livshugen vaknad, slengde dei alt ifraa seg, gjorde eit Kast og sagde: jaja det fær ganga, som det kann, for liva maa eg!
 
 
1) Sjaund, sjaunde Dagen, etter at ein heve døytt, Gravøl.  Bønefolk, -mann, brukad som Utnemne elder Klengjenamn aat Lesararne.            
 
 
 
7.
           
Ein Sunndag, sprettande kald. Snjo laag paa Marki, etter Vegjerne var god Braut, daa det var mykje kjøyrt, men det gnall og skreik under Foten. Himlen var klaart blaa men slo nokot yver i det kvite ute i Kantarne.
           
Det ser likast ut til aa verta Traavedr 1) , sagde Nils Storebø, han stod ut i Svali og glodde paa Himlen. So gjekk han inn i Stova.
           
Den Kvelden skulde det vera Dansarlag hjaa Nils. Det var Bjørn, som hadde funnet paa detta. Han sjølv hadde ikkje større Hugnad av sovoret, men han skynad, at detta laut til. Og han vilde læra Ungdomen aa ganga beint fram. Det var snart aa sjaa, korleids det hadde voret i dei sidste Tider. Fyr det meste kurde kvar heime, elder um fleire stal seg til aa koma i hop, so var det berre Vitløysa og Galskap, ja ofta Styggedom og. Ved detta vart dei unge framande fyr kvarandre, og detta var visst Grunnen til, at det gjekk so mange leide Rødur millom deim, snart um den Guten, snart um den Gjenta. Men Bjørn tenkte daa fulla og paa, at det skulde vera gildt aa faa raakast med Ingebjørg. Han hadde fenget Olav til aa telja fyr Faderen, at han skulde lata til Hus. Helga hadde lagt eitkvart Ordet inn med, men Ingebjørg sagde ingenting. Nils var ikkje so umodad paa det helder, for han skynad det var rett og godt,og so fekk han vaaga nokot.
           
So flokkadst i hop paa Storebø baade Gutar og Gjentur. Skjott gjekk dei, daa det var so kaldt. Men det var svært, kor fint Gjenturne smaug seg fram bak Storhaug, dei var nog rædde, at Lesararne skulde sjaa deim. Gutarne gjekk meir beint fram dei. Eit stort Lag kjem uppetter. Der raakar dei han Baard-Olav 2) , som er Lesar.
           
Kvart skal dei Kararne av Stad daa? spurde han med laagt, mjukt Maal.
           
Aa me fer no so og sviv.
           
Var det ikkje betre daa, at de gjekk i Samling og høyrde Gudsord?
           
Ingen svarad, men nokre flirte. Gutarne gjekk sin Veg, so maatte Baard-Olav og ganga sin.
           
Inne i Stova paa Storebø sat endaa berre nokre faae Gutar, men utanfyr stod eit stort Fylgje, og dei var overlag kaate i Munnen. Gjenturne hadde gjøymt seg i Uthusi, soleids i Løda, der dei stod og svallad med Ingebjørg.
           
Skal de ikkje inn? spurde Ragna, Kona hans Nils. Og Gutarne gjekk inn.
           
Der sat dei tagalle allesaman.
           
Nei detta vert turrt, me heve ingi Gjentur! ropad ein Gut og skok paa seg.
           
De fær av Stad aa faa fat i deim, sagde gamle Arne, han kom inn fraa Koven, gjekk stad og sette seg paa Enden av ein Benk og vilde hava seg eit Svall.
           
Ein Deil Gutar ut og skulde sjaa etter Gjenturne. Dei leitad deim upp, og fylgja med laut dei, men inn vilde dei paa ingen Maate. Jau dei skulde! Men ho elder ho kunde ganga fyrst! Detta vilde ikkje taka Ende. Helga og Ingebjørg gjekk inn, og Gutarne lagad det so, at dei andre laut fylgja etter. Gjenturne sette seg ned med Dyrri og sat der reint fyr seg sjølve.
           
Gamle Arne vara den einaste, som ikkje var skræmd av Gjenturne, saag det ut fyr, han svallad lika radt, dei andre vilde helst vera tagalle.
           
Spelemannen var ikkje komen, men Fela hans laag paa Bordet. Detta saag Gjenturne, og det byrjad knisa i Gjenteflokken. Nokre Gutar flutte seg nærmare aat Kroi, men aa setja seg millom Gjenturne var ikkje gjerande.
           
Nokon snakkad ut i Gangen med Nils. Det laut vera Spelemannen, og alle lydde. So kom Sigurd Tjosos inn: ein høg, staut Kar. Han sette seg paa Forsætet, helsad paa deim, som sat nærmast, treiv Fela og klunkad paa Strengjerne, tok i ein Slaatt, som han braadt hogg av. Gav han seg so til aa stilla Fela. Han tok i med lange Tonar, men med eingong foor ein rullande Slaatt ut or Fela. Det var ein Halling elder Rull, som dei kallar honom.
           
Gutarne tok til aa røyva paa seg, men Gjenturne sat, som dei ingenting saag og ingenting høyrde.
           
Olav, Sonen i Huset, spratt upp, tok ei av dei fremste Gjentur, og det var Helga, gjekk ei Stund, som var han rædd aa setja til, men so snudde han rundt, og burtetter bar det.
           
Fyrste Slaatten hadde fenget Slaatt paa Slaatt etter seg. Liv var komet i Laget, alle, som trudde seg til, hadde voret framme. Nokre sat so tegjande, som hadde dei nokot so stort i Tankarne, at dei korkje kunde høyra elder sjaa kringum seg, men det var ikkje annat enn ein Strid, um dei skulde vaaga seg fram elder ei i so stort eit Lag, Og Tvihugen var leid nog.
 
 
1) Traavedr, det same Vedret i lang Tid.
 
2) Baard- Olav, Olav Baardson.