Eit nytt Upprop.

Presten Lars Oftedal heve i Bibelbudet eit Bil sidan skrivet eit Opraab til Kristendommens Venner i vaart Land, som er so sannt og vislegt og attaat so varmt og uppbyggjelegt i Ordalag og Innhald, at det bør nemnast. Han tek det paa ein annan Maate enn dei 250, djupare og meir fredeleg, det likjest dei stille i Landet.
           
Han segjer, at Kristendomen er friskaste i dei avstengde Bygdelag, laakaste i Byom og i dei Bygder, som paa Jarnvegjer elder Eimbaatar hava mest Samkvæmet med Byom, so det ser ut, som den lette Samferdsla og dei mange Blad og Bøker, som strøyma ut millom Folk, skulde bera Skuldi fyre Atterslaget i Kristendomslivet. Men den upphavlege Grunnen er ikkje der; for lett Samferdsla er ein god Ting, og det, at laake Blad og Bøker kann faa Inngang hjaa Folk, heve sin djupaste Grunn i den laake Barnauppsedingi i Heimom. Borni raada seg anten for mykjet sjølve, elder verta dei haldne i ein myrk gudeleg Tvang, so dei verta berre so mykjet galnare, naar dei sleppa ut. Dei fine Borni skal læra stasa og klæda seg etter finaste Skikken og dansa og bøygja seg fint. Dette tru Foreldri er Daning og Borni læra tru det same. Dette er ein Grunn til Atterslaget, som munar, meiner han. _ Og Skularne! Han meiner ikkje det, at dei læra mange verdslege Fag elder hava faa Religionstimar, men at Born ikkje møta Kristendomen som ei Livsmagt hjaa Læraren, men som ei daud Leksa. Ja paa vaare høgre Skular i Byom stend det likt, at kristne tidt maa styggjast ved aa senda Borni sine dit. Den turre, aandlause Skulen er og ein Grunn. Prestarne er helder ikkje skuldlause. Det er reint vondt aa høyra paa, kor illa dei tidt preika fyre Folk, som hava kavat seg lange Vegen fram til sine kjære Kyrkjor, og dei skjemma stundom lika so mykjet i Preika si paa deim, som hava gjevet Husrom til ei gudeleg Stemna av ein Lækpreikar, som paa Drikkarar, Bannarar og Horkarar; endaa det er desse Lækmenner, som mykjet gjera, at Kristendomen ikkje er daudare, end han er. Dertil er dei, som kalla seg kristne, ofta giruge og ukjærlege; dei fara med Drøsor og er tidt meir iduge til aa peika ut og skamflekkja dei vantrue enn til aa berga og draga deim til Kristendomen ved Kjærleike. Dette er dei største Grunnarne til Atterslaget i det kristelege Livet.
           
Kor skal ein finna Bot fyre dette? spyr han.
           
Ein lyt byrja med Guds Hus. Dei kristne lyt vera sanne kristne, halda ihop og reisa seg til Kamp og Arbeid. Me maa hjelpa foreldrelause og vanstellte Born til betre Uppseding og aldri lata slikt henda meir, at Fatikkommisjonen set til Auktion elder burtlicitera de smaa Stakkararne til kven, som høver. Me skal stydja aalvorlege Lærarar, men ved Log og Rett revsa uduglege elder faa deim inn i andre Livsyrkje og beda trottugt fyre deim og Prestarne og stydja Innremissjonen. Me gjera alt til, at alle kyrkjor kunna standa opne Sundagarne, so Kyrkjelyden kann samlast i sitt eiget Hus. Kvar Kyrkjelyd bør saa eit Ord med aa segja i Prestevalet og Tilføre til aa verta fri dei gamle Prestarne, som er uduglege til aa styra Embættet lenger. Lat oss faa gode Blad og Bøker ut millom Folk, men aldri stydja dei kristusfiendske. Lat dei vantrue faa sjaa, at me kunna nokot og stydja Vaisenhusgjerdi, og at Kristendomen heve Livsmagt i oss og er megtug og til Velsigning i Folkelivet. Det lyt vera Gjerning me setja imot Vantrui, Snakk og Rop hjelper ikkje.
           
Dette er eit litet Utdrag. Kann du faa sjaa Bibelbudet fyre iaar, so les dette! Eg trur dette gjer betre enn alle desse politiske Høgreskrifter, som verta sende kring By og Bygd. Det var eit sannt Ord av Jak. Sverdrup, at den verste Mein, ein kann gjera Kristendomen, er aa innbilla Bonden, at Kristendomen stend i Strid med Fridomen hans. Oftedal heve Godhug til det norske Maalet, me skal ikkje gløyma det helder.                               
 
S.