Julirevolutionen.

[Del 6 av 8. Første delen]
 
6. Statskup og Revolution.
 
 
Til Formann i det nye Ministeriet utnemnde Kongen Fyrst Polignac (Polinják). Han høyrde til ei Ætt, som i lange Tider hadde stadet seg godt med Kongsætti, men var fælt ufolkeleg. Han var uppalen i Hoff-Luft, hadde sidan voret med Emigrantarne i Utlandet, hadde voret med i ei Samansverjing, som Pichegru (Pisjegry) hadde gjort mot Bonaparte, og fyr detta laut han sitja 10 Aar i Fengsel. Under Restaurationen slo han seg til Ultra-Royalistarne og dei Klerikale og var ein av dei, som liktest mest paa Kongen i Tenkjemaate, og som Kongen hadde mest Tiltrui til og heldt mest utav. Han heldt Grunnlogi fyr ein Kontrakt millom Konge og Folk, og Kongen fyr øvste Husbonden og Guds Skugge paa Jordi. Samlaget millom Trona og Altaret skulde etter hans Meining raada fyr Framtidi, og Folket turvte ikkje annan politisk Rett enn Arbeid, billegt Braud og smaa Skattar.
           
At ein slik Mann vart Formann fyr Ministeriet, kunne ikkje vera fyr annat enn Statskup og Einvelde, og det vart Uro og Otte yver heile Landet. Innanriks-Ministeren var ein morsk og atall Mann, ein av dei argaste Bakstrævararne, som leid. Men det verste, som tenkjast kunne, var at Bourmont (Burmøng) vart Krigsminister. Han vart utnemnd til General under Napoleon, og førde eit Armekorps i dei 100 Dagarne, men Natti fyre Slaget ved Ligny gjekk han yver til Fienden. At slik ein vart Krigsminister var aa sputta det franske Folket beint i Andlitet.
           
No vart det berrsynt fyr alle, at Striden laut koma. Kongen hadde sagt beint fram, at han vilde ikkje gjeva etter meir; Lafayette, som var attkomen fraa Amerika, der han hadde fenget nytt Mot, og som vart helsad med Gledelaat og Fagnadrop i Frankrike, sagde, at Folket vilde ikkje gjeva etter meir. Striden skulde no gjelda Fridom og Mannaverd mot Einvelde og utlivde Synsmaatar.
           
Høgrebladi slo frampaa um Statskup, og Vinstrebladi dryfte, um dei no skulde negta aa lata til Pengar, og korleids det hekk ihop med det kongelege Prærogativ (Rett), at Kongen kunne velja Ministrarne sine sjølv utan aa bry seg um Folkeviljen. Ein av dei ivrigaste Bladmennerne paa Vinstresida var ein ung gaaverik Mann, som sidan skulde verta ein av Frankrikes gjævaste Søner, Adolf Thiers (Tiær).
           
Andre Mars 1830 kom baade Tingi ihop. Kongen opnad Tingmøti med stor Stas og heldt ei kvass Trontala um Kongens heilage Rett og um illskefull Mistru, som Vondskapen spreidde umkring, og um Uppøsing av Folket, som fortente Refsing, og at han vilde finna Kraft til aa staa imot detta, med di at han hadde sett seg fyre aa halda den offentlege Freden uppe, og fyr di Franskmennerne jamnan hadde elskat Kongarne sine. Fleirtalet av Tingmennerne totte, det var vondt aa høyra paa slike Sneidord og Trugsmaal, (det vart attaat fortalt at det var Kongen sjølv, som endeleg vilde, at detta skulde koma i Trontala), og med 221 Røyster mot 181 vedtok Deputeret-Tinget eit Svar, at der ikkje fanst Samarbeide millom Styringi og Folkeviljen, og utan Samarbeide millom Styringi og Folkeviljen, og utan Samarbeide var det Uraad aa greida Sakerne, slik som dei skulde, og at Tinget hadde Mistru til Ministeriet. Det vart ikkje sagt med reine Ord, men Meiningi var, at Kongen skulde taka seg eit Ministerium av Fleirtalet. Kongen svarad, at Tinget ikkje vilde arbeida ihop med han, og at han var uruggeleg. Han utsette Tingmøti til 1ste September, og Høgrefolket skreppte no av Kongen, fyr di han ikkje let Vinstre gjera Kruna reint til inkjes. Ministeriet skreiv til Kongen eit Løyndebrev, at dei ikkje skulde gjeva upp Systemet, og at um det trengdest no, daa Folket var so uppeggjat og uppøst, aa vikja litet Grandet og berre fyr ei Stund ut fraa Grunnlogi, so skulde dei leggja eit fast Grunnlag fyr det Systemet, som Styringi daa fylgde, so det skulde standa um Alder og Æva.
           
Kongen tenkte no, han skulde gjeva Folket annat aa tenkja paa, so det ikkje skulde faast med Politikken lenger. Algier (Alsjir) og Tunis og Marocco og Tripoli hadde i mange Aarhundrad voret dei verste Viking-Bøle, og dei fleste Folk i Europa gav dei store Gaavur, so dei ikkje skulde taka Skipi deira. Desse Gaavurne kravde Røvar-Riki liksom ein Skatt, og dei store europæiske Sjømagterne vart aldri forlikte um aa tugta dei, og Røvararne vart difyr djervare og djervare. I 1827 slo Deilen (Fyrsten) av Algier til den franske Konsulen i Andlitet med Blekkja si (Vifta), og daa Konsulen radt for av fraa Landet, tok Deien mange Franskmenner og gjorde til Trælar. Detta laut Frankrike hemna, ein stor Flote og Her under Krigsministeren Bourmont siglde av, og paa 20 Dagar tok han Algier etter ein ærefull Strid i Fyrstningi av Juli 1830 og fekk eit uhorvelegt Herfang, 48 Millionar Francs i Gull og Kanonur og Gods; alle kristne Fangar vart frie, og no vart det mest Slutt paa Vikingferderne i Middelhavet. Algier vart sidan ei fransk Nybygd.
           
I Mai hadde Kongen sett seg fyre aa slaa til. Daa han trudde, at Folket i det heile heldt med han, og at det berre var nokre faa, som laag og eggjad upp Folkemeiningi, so løyste han upp Deputeret-Tinget og fyreskreiv nytt Val (nokot, som han tok seg Rett til etter ei tvilsam Fortolkning av ein Paragraff i Grunnlogi). Styringi med heile Embætsverket tok no paa med dei gamle Valkunsterne, som Villéle hadde brukat, og Kongen sjølv sende eit Upprop til det franske Folket, og som Fader og Konge fyr Franskmennerne bad han dei gjera sin Skyldnad og fylgja seg um hans Fane. Vinstre arbeidde paa harde Taket det og med Ordtaket: Atterval av dei 221! Det gjekk ikkje slik, som Styringi hadde vonat. Folket brydde seg ikkje nokot større um Ferdi til Algier, det hadde større Ting aa tenkja paa no. Midt i Juli gjekk Vali fyr seg. Vinstre kom att fraa Valet mykje sterkare, 272 Mann, men Styringi fekk berre 145. Av dei 221, som hadde røystat fyr Tingsvaret, vart 202 uppattvalde.
           
No laut Ministeriet Polignac gaa av elder styra mot Grunnlogi. Det fyrste vilde ikkje Kongen, for han hadde allstødt sagt, at han skulde staa som eit Berg, um nokon vilde tvinga inn paa han andre Ministrar, enn han sjølv likad. Han trudde ikkje helder, at Valet var eit Uttrykk fyr Folkeviljen, og leit meir paa Bakstrævar-Bladi, som aldri hadde voret kautare enn daa. Paragraff 14 i Grunnlogi inneheldt, at Kongen kunne gjeva ut Rettarbøter, som trengdest til aa setja Logerne i Verk og tryggja Riket. Etter denne Paragraffen hadde han løyst upp Tinget. Naar dei fortolkad denne Paragraffen etter sitt eiget Hovud, so kunne den brukast slik, at ein kunne gjera Statskup og, og endaa paa ei Vis sleppa aa brjota Grunnlogi.
                                               
( Meir.)