Tidender.

Kristiania, den 19de Mai.
 
Riksretten hadde fyrste Møtet sitt igaar i Lagtingssalen. Dei skulde daa granska, um det var nokon ugild til aa vera med som Domar. Justitiarius Thomle vilde, at dei skulde ut alle 25, som hadde voret med paa 9de Juni, og det same heldt dei andre Høgsterettskararne paa, so nær som Lambrechts, men dei vart daa godkjende dei 25 likevæl. Det vart framsett, at dei 25 inkje skulde faa vera med aa røysta ein Gong, men det gjekk likeins med det. _ So var det Quam serskilt, som skulde ut, men han vart og godkjendt, heile Høgsterett var imot. _ Det vart skotet til det, at 9de Juni-Kararne hadde bundet seg so, at dei inkje no kunde hava so greidt for aa fara etter Samvitet berre, men det vart avvisa med Aalvor som noko laust Snakk, allvist av Arctander.
 
           
Artiums-Loven vart vedteken i Odelstinget etter Innstellingi fraa Kyrkjenemndi paa Lag.
 
           
Den fyrste Kjærleik, Bjørnson vender um til den no att, som det er sjaa-ande til i denne 17de Mai-Visa. Han leet inkje slik um Bonden for nokre Aar sidan; men det er væl rart aa vera i Paris _ no er det berre Bønderne han talar um, som um det inkje var anna Folk enn dei i Noreg, som var noko tess.
 
           
Norske Samlags-Kararne maa koma paa Aarsmøtet den 29de. Sjaa ellest Lysingi.
 
           
Ei Lur- og Langeleikprøve gjeng for seg innmed Ulefos i Holla-Sokn den 24de Juni Kl. 2 ½ um Ettermiddagen. Det vert gjevet serskild Premiar til kvart Instrument. Fyrstepremien er 12 Kr. andre 10, tredje 8, fjorde 5 og femte 3 Kr.
 
           
Presteskule. Til Hausten byrjar i Kristiania ein Skule for slike, som vil verta Prestar for dei norske i Amerika. Kursuset er fem Aar. Dei tvo fyrste Aari skal vera Fyreskule med Upplæring i dei vanlege Skulefag og so Tysk, Engelsk og Græsk. I dei tri siste aari gjeng den einskilde Presteupplæring for seg.
           
Skulepengarne er i Fyreskulen 25 Kr. for Kvartalet, i den andre det halve. Bustad, Ved og Morgo- og Kveldsmat vil Skulegutarne faa for 15 Kr. i Maanaden, som naar tvo delar Rom, for 12 Kr.
           
Dei, som vil hava betre Upplysningar um Skulen, kann skriva til cand. theol. Prytz, Hauges Minde, Kristiania.
           
Det er Presten Storjohann, som hev stellt til Skulen.
 
           
Konsul Gade, Tingmann for Bergen, er ein heilmeint og ordhalden Mann. I Tinget talad han varmt for ei nokot større Bevilgning til Londonnerutstellingi enn den, som vart vedteki. No hev han av sin eigen Pung gjevit 1000 Kr., som skal leggjast til det, Tinget bevilga. Det kann ein segja er godt gjort.
 
           
Daaen erOle Tommelstad, ein gjæv Bonde paa Hedemarki, og gravfest med stor Høgtid.
 
           
I Suezkanalen tykkjer Engelsmannen han fær for lite Raaderøme. Storrikinganne i London og andre med dei grundar difyre paa, um det ikkje skulde vera greidaste aa grava ein Kanal til, jamsides med den gamle. Dei meiner paa at det godt skulde betale seg. Dei Skipi, som kom austantil, kunde faa fara den eine og dei, som kom vestantil, hin. Daa slap dei aa heftast.