Til Fjellbonden!

Smaae Jordbruk, som skal løne seg, dei maa drivast med stor Umtanke.
           
Fyrst maa du hava Jordet ditt godt inngjerdt og freda, slet inkje beite innpaa um Vaaren.
           
So maa det pløgjast og gjødslast godt og jamnast med Rulla. So er det best du saar Erter og Havre, for Kornet frys for ofte, so ein tapar i det heile meir, enn han vinn. Det som det kjem an paa er aa faa fin Jord upp til god Grasvold, for det er inkje anna, som løner seg.
           
I Fjellet maa det rispast Lauv tidlegt paa Sumaren, og i August maa du hogge Lauv og binde det i smaae fine Kjerver.
           
Mose maa du taka Nøgdi av i Oktober.
           
Naar du har faatt inn Fodret, maa du væl rekne ut, kor mange Kretur du godt kann føde. Og berre godt Kuslag maa du hava.
           
Mjølki maa du vega 2 Gong kvar Maanad av kvar Ku, so fær du sjaa, hokke Ku gjev mest Mjølk. Og du fær rekne ut, kor mykje Nymjølk det trengst for kvart Kilogr. Smør.
           
Daa vil du læra aa stella Kui di med kraftig Fodring.
           
Inkje noko er so skadelegt som Sveltfodring og Høykjøp.
           
Kunde berre Folk faa Augo upp, skulde det bli mykje meir Vælstand i Fjellbygdom, enn nokon trur, Kjære, freist berre eingong aa halde faae Kyr og fodre dei godt, du skal sjaa, det gaar mykje betre!
                       
Aa Kui ho stakkar
deg hjarteleg takkar.
Gjev du ho godt,
so fær du nok Draatt
og Vælstand i Bu og Staburet.            
                                               
Ei Kjering