Til det norske Samlaget.

Til det norske Samlaget.
 
Daa det vel strakst skal vera Aarsmøte, vil eg spyrja, um ikkje Samlaget kunde faa det til so, at det gav ut eit Hefte Lauvduskar til kvart Aaret med upplysande og upplærande Innhald, Smaastykkje um namngjetne Menner, um Kunst og Bokrike, Uppfinningar og ei Utsyn yver fyrre aaret, Stortingsarbeidet, Næringsgreiner, nye Bøker o. s. b.; umpass slikt som det Ferd. Roll heve skrivet i Folkevennen fyrr. Det kunde som sagt koma i eit Hefte; men det beste trur eg var, naar dei gjekk ut i 3 _4 Hefte, eit kvart Fjordungsaar, elder ein kunde gjera det til eit Monadsskrift som daa Fraa By og Bygd fylgde med Samlagsbøkerne. Det vert so lenge millom kvar Gong ein fær Bøker, at ein kann liksom gløyma Samlaget av stundom. Det vart meir nemnt, og eg trur, det fekk fleire Lagsmenner og, naar det kom ein Lauvdusk ruslande med Bod og Upplysningar, rett som det var. Det norske Samlaget skulde liksom løysa av Folkevennen, som no vert hosta lærd og dansktalande fyre Bønder med aalmen Upplysning. Dette Kravet trur eg, Samlaget best kunde fylla ved fyre kvart Aar aa gjeva ut nokre serskilde Hefte til Hyggje og Upplysning attaat dei hine Bøkerne, som til Jamnaden er Dikt- elder Sogabøker. Eg trur ogso, at Samlaget daa fekk meire Hjelp av Maalmennerne i Kristiania, daa mangein vil kunna skriva eit stuttare Stykkje um eit elder annat i Lauvduskarne, men ikkje kann gjeva seg i Ferd med ei Bok.      
 
S.