[Advokat Mejdell...]

Advokat Mejdell hev haldet ein Tale i Arbeidar-Samfundet, som er hoste skarp imot baate Stortinget og Vinstre-Politiken i det heile, men det er Tankar som er merkjande ogso, i mangt.
           
9de Juni totte han fælt gildt i, men no sidan, paa dette Tinget hev dei inkje stelt seg deretter, tykkjer han, dei hev voret altfor ettersleppne, soleids med Kristianiavalet og i Riksrett-Saki paa ymse Maatar. Denne Greida med Dagbladet og Bætzmann visar, at det inkje er berre nokre Slumpehøve, men at det er heile Politiken vaar, som hev komet noko i Ulag. I Ordskiftet um Riksrett-Saki segjer han der gav dei seg so gode Stunder, gjekk og ventad liksom for kvar Dag, at dei hine skulde skræmast av Ordi og Trugslurne berre, liksom daa Murarne paa Jeriko datt av seg sjølve, dei gjekk berre kringum dei og let i Basunar. _ Fyri Middagen talad dei um Riksrett i Tinget og etter Middagen um Forlik, var det Gjerd paa slikt! Og det eit Forlik, som radt gjorde 9de Juni til inkjes.
           
Den 9de Juni sette nytt Staal i Politiken vaar, men dette nye kravde nye Menn, dei gamle var for rædde og udjerve, for den som i all si Tid hev siglat innafor Skjeri, duger inkje aa setja til Havs. Han duger inkje Halv-vegen i slike Tider; det hev vortet ein Rasekamp, der inkje noko anna er mogelegt enn aa bruka Kniven. Men til slik ein Politik høyrer det med, at ein inkje skjelv paa Haandi.
           
Det er nokot no, som er funnet uppi den seinaste Tid, men dei som hev funnet paa det, tykkjer det er ovgildt, det er dette, som dei kallar den kompakte Majoritet. For honom skal alle bøygja seg hell so støytast i Bann. Dette med Kristianiavalet var den fyrste Slengen. Dei hadde voret so motfulle og kaute fyrr, men daa Slagdagen kom, snudde dei Ryggen alle saman. Slikt verkar demoraliserende paa dei beste Herar. Litte ein inkje paa Folki sine, so skulde ein aldri føra dei fram i Kampen. Men er dei framførde, so skal dei slaast, det er den einaste Maaten aa faa dei til aa lukta Krutet paa, alt annat er Vesaldom. Det er Ting, som er verre enn Usiger. Den som er rædd for Usiger, han fær hell aldri Siger, som det er To i. Daa var det betre aa sitja i Omnskraai. _ No hadde dei stellt seg som Guten, som skrik yver Gata: Kom hit, skal du faa Juling, men so, naar ein kjem, so segjer han: Aa nei, det kann vera det sama.
           
Det hev komet til det no med Politiken, at ein skal laast som ingen Ting, kvat det so hender, berre løyna yver det og straa Sand paa. Det skal berre gjelda um inkje aa kløyva seg, so er alt væl nok. Lat det berre stellast so, at dei moderate kann koma med. _ Naar Politiken berre skal ganga ut paa det aa halda Flokken ihop, so vert han likeso vandt eit Stykkje, som det var for Guten aa gjæta Hararne til Kongen. Han hadde væl ei Pipe han; naar han peip i ho, kom dei alle farande. Nei det var greidt, at det er ein umogeleg Ting for ein kraftfull Politik det aa vilja hava alle med. Vil ein hava Halvskapen med, so vert ogso Politiken halv. Men Landet vil inkje hava denne Halvskapen og Akkordering, som synest aa vera den høgste Visdomen for dei Styrararne, som no er. Dei er so rædde for aa kløyvast sund og koma i Undertalet. Dei ræddest for Skuggar! Nei lat oss faa ei Samling av Menn, det er likare enn ein Flokk med Snakkarar, som ikkje veit den eine Dagen, kvat dei vil den andre. Lat oss koma i Undertalet, um so skal vera. Det er ikkje so faarlegt, det vil ikkje vara so lenge, fyrr det Undertalet vert Yvertal. Lat oss faa Folk, som er litande paa. Lat oss verta kvitt Skrapet. Dei gjer ikkje annat enn Ugagn.