[Berre Radikale...]

Berre Radikaleskal dei hava valt inn i Lagtinget iaar. Eg totte Moro sjaa, korleids dei var laga, eg hev ikkje voret der fyrr. Men daa eg kom inn paa Trevet i Lagtingsalen, no med dei heldt Riksretts-Møte, daa laut eg bisna. Skal det vera radikalt slikt Folk, som ein der ser, so finnst det visst inkje radikalt i Norig. Eg totte dei saag ut so rolege og støde alle saman, ein skulde tru det var Folk, som hadde voret Domarar i all si Tid, so den som er ottsam lenger, naar han skal stellast til Dom for slike, han maa vera underleg laga, hell so hev han ikkje Lit til si eigi Sak. Kom det ein Utlending og fekk sjaa desse, og du fortalde, at dette var dei radikale, daa kom han til aa storlægja og vilde tru, at du berre dreiv Gjøn. _ Og so vyrdslegt og fint, som dei førde seg i Ordskiftet, endaa det trongst, at dei maatte skula litevetta sume av Høgsterettskararne, som bar seg aat uvyrdslegt; men dei gjorde det med Aalvor. _ Ein skulde ikkje tru, at det var Høgsteretts-Folk, som vilde vanvyrda seg sjølve i ei slik Forsamling, som var ihopsett paa so store Ting. Det var ikkje til Auking for Vyrdnaden av Høgsterett millom Folk. _ Det var underlegt aa sjaa desse mundera og stjerneprydde Kararne sitja der med Smaa-Sablarne sine ved Sida, millom dei utvalde fraa Folket, dei saag so eldende gamalvordslege ut. Det var for meg, daa eg kom inn paa Lagtings-Trevet og saag desse, som naar eg kjem inn paa Gardar og fær sjaa dei gamle Kallarne, som berre sit ved Peisen og inkje syner seg hellest, men sit der som Minne um gamle Tider og lidne Ætter. _ Og det som dei rødde, det var og so ubeint og krokutt, at det berre skeinad av mot dei hine, endaa dei kann ikkje vera so lovsprengde, berre gjeng fram etter sin sunne Sans.
                                               
n.