[Fraa Bergen...]

Ludvig Skrøder, Styraren paa Askov Høgskule er no i Bergen og held Fyredrag. Fyr oss Folkehøgskulevener var det fælt hugsamt, at han kunde koma her upp. Mange av dei frisinna Folk her stend igrunnen med eit godt Auga til Høgskulen, men dei hev inkje Greida paa honom. Det er makalaust, korlitet dei veit um honom. Og det kan inkje godt vera annerleidsheld, fyr her paa Vestlandet er Saki diverre litet kjend hjaa Landsfolk endaa til og daa enno mindre hjaa Byfolket. Det vaar difyr endaa hugsamare, at Skrøder kunde koma hit, daa eg trur det vil hjelpa nokot og det inkje so litet paa Høgskuletanken her, so Foredragsforeningens Bestyrelse skal hava stor Takk, fyrdi dei fekk honom til aa koma. Han hev no heldet 3 Fyredrag um Aandslivet i Tyskland i forrige Aarhundrede.
           
Djup, som han er, kunde ein venta, at han vilde taka Saki grundigt, og Vonerne i so Maate er meir enn uppfylde. Paa sin letfattelege Maate fører han oss ilag med Tysklands største Menner; det er, som me ser deim og talar med deim. Ordi deira og Livet legg seg liksom svalande inn yver oss, so me fær liva saman med deim.
           
Skrøder trudde, det var feil naar ein hev meint at Prøisens Makt mest var grunnlagd ved Sverd og Blod. Han trudde, det var langt meir ved Toleranse og Fridom. Prøisen var ein Fristad, som dei franske Hugenotter kunde søkja til; der kunde Zinsendorf og hans Folk finna Fred, naar dei vart utviste andre Stader. Og der er inkje liti Styrke fyr ein Stat i slike Folk, som er so aalvorslege at dei kan forlata baade Heim og Fedreland fyr aa kunna liva etter sin Overbevisning.
           
Bergensarne likade Fyredragi fælt godt, og det er fyrr meg ialfall glædelegt, fyr det gagnar Saki. Godt skulde det vera, um me kom nokot lengre i den Vegen, so me rundt um baade i By og Bygd kunde faa fleire dugande Folk aa halda Fyredrag. Det er ein av beste Maatarne til aa hjelpa fram Upplysningi paa.
           
27de April 83.
 
Lasse Trædal.
(Or Magne).