[Kristiania Arbeidarsamfund...]

Kristiania Arbeidarsamfund hev gjort eit godt og gagnlegt Tiltak i det siste, det at det byrja aa fenget sendt fatike og ufriske Byens-Born ut paa Bygderne i Fritidi um Sumaren. _ Det er fælt aa sjaa all denne bleike og vesale Barneflokken, som sviv i Gaturne her i Utkantarne i Byen. Eg tykkjer det maa vera reint eit Under, skal det verta skikkelegt Folk av dei. Vassen Kost og tettpakka Hopar i skarve Hus burte i Avkrokarne, og slik Luft inne i desse Filleholi, so du snaut kann anda, og inkje stort betre er det ute, Sand og Føykje berre so det svid i Augom hell so Søyla so stinn kann ho vera, at det klaskar og sprutar langt paa Leggen for kvart Stiget, som du tek, der er Leikplassen deira, og der vert dei ikkje for reine hell vælflidde. Drikk og Svir og Banning og Kort, det vert dei uppvande med. Det kann ikkje alast mange gode Voner i slik Ungdom og vandt er det um der kann fylgja ljose Minne. Takk din Gud, du som er uppalen i Fjellbygderne. Um det au kann vera smaatt med Mat aat Barnekrullen der, so er det den vælsigna gode friske Lufti, som er Gull verdt, det er ein Rikdom i det, som du aldri kann fullvyrda. Og so aa faa reisa til Fjells um Sumaren, naar det vert varmt nede i Dalen, og suga i seg den endaa friskare Lufti og sviva soleids att og fram, det er eit Umskifte og eit Liv, som er makalaust. Du som hev det so gildt sjølv, du skulde au tenkja litevetta paa Byborni, so du kunde hjelpa dei til aa faa koma seg litet ut, soframt du heve Utkome til det, for det skulde daa liksom vera same Folket. Du vil ikkje trega paa det. Det hev meir paa seg enn ein kann tenkja. For slik ei Ferd maa du tru aldri vert gløymt. Daa fær Byungen au sjaa, korleids Bonden hev det, og det var til stort Gagn, um Byfolket kunde faa noko meir Kjennskap og Samhug for dei Høve som er paa Landet, so det kunde jamnast noko paa den Skilnaden, som hev voret millom desse tvo og det kunde verta meir Samarbeid og Stamstelling med dei.