[Riksretten...]

Riksretten hev no gjort ifraa seg med Fyrebuingi. Dei freistad fælt Høgsterettskararne for aa faa Folk ut, som skulde vera ugilde. Men det gjekk inkje med nokon. So vart det ei Vriding um korleids det skulde forstandast med Uttakingi, som den forklaga kann gjera, um han kann skjota ut 12 hell 13. Det stend i Reglarne, at dei kann skjota ut indtil Tredjedelen. No er det 38 ialt, det er daa greidt at 12 er det meste, som kann vera indtil Tredjedelen, 13 vert for mykjet. Men endaa saag det ut til, at sume vilde hava det so. Hellest vart det ikkje avgjort med det same, dei vilde drygja til dei fekk sjaa, um det trengdest. Og det ser nok ut til det, for no alt hev Statsministar Selmer nemnt upp dei, han vil hava ut, det er 13. Det er desse Kararne: Advokat Quam, Domar Thomesen, Lensmann Arctander, Bonde L. Bentsen, Bonde Mortensen, Bonde Hjelmstad, Bonde Jaabæk, Bankstyrar Løberg, Kaptein Krogh, Bonde Aarflot, Handlar Jullum, Lensmann Ueland, Bonde Bjerring. _ Dei som er att av Lagtinget, er daa desse: Wenneberg, Iversen, Frilset, Leer, Egge, Mustad, Tonning, Kirkhorn, Skaar, Lange, Lindstøl, Havig, Lien, Huser, Kolbenstvedt, Reitan.