[Vitskaps-Laget...]

Vitskaps-Laget i Kristiania hev fyrr havt 4000 Krunur um Aaret av Staten.
Dette totte Peningnemndi var for mykje og vilde kje gjeva meir enn 2000 Kr. og det paa det Vilkor, at Laget fekk likso mange Pengar paa annan Maate. Um dette var det eit fælande kvast Ordskifte i Stortinget no um Tysdagen. Prof. Bugge var aalvorleg som ein Prest paa Prekestolen baade i Mæle og Faktir. Han vilde framleis gjeva Laget 4000 Kr. og sette fram Forslag um det. Berner talad imot Bugge og for Innstellingi. So kom Kjetil Motzfeldt upp paa sin vanlege Maate, vond og bitande. Han meinte, at Nemndi vilde straffa heile Laget for, at ein einskild Lagsmann hadde skrivet eit kleint Bladstykke (Statskupstykket). Birkeland hjelpte paa Bugge. Liestøl vilde røysta for Innstellingi. Han kunde kje vera med aa gjeva fleire Pengar til Vitskapslaget, solengi det sette seg imot ein Lærestol i det norske Maalet. John Lund totte, at Skriftet, som Laget gav ut, hadde for mange ulærde Stykke, han las upp Innhaldslista, millom annat nemnde han eit Dikt av A. Munck for Kongen. Fleire totte det same. Motzfeldt rauk upp atte Gong paa Gong, men heldt seg som vanlegt mest til det personlege. Og so vilde han hava Greie paa den store Forening, som Konov nyss hadde skrivet seg inn i. Konov trudde, Tinget fritok honom for aa svara paa nokot, som inkje i mindste Maate vedkom Saki. Joh. Sverdrup hadde gjort, kva han kunde for Vitskapslagets Skipnad; men han trudde, at det fekk hjelpa seg sjølv no daa det var 25 Aar gamalt. Bugges Forslag vart forkasta mot 61 Røyster. Jac. Sverdrup hadde sett fram Forslag um 2000 Kr. uden Vilkor. Dette vart vedteket med 58 Røyster imot 55, som røystad for Innstellingi.