Eg sat aa lydde

med Hallvard Lie spilad dei vene Slaattarne. Daa han tok til med Kivlemøiarne, totte eg plent, eg var paa Haagheidi. Eg liksom drøymde, eg sat under Rjuven og saag dei svarte Fjelltindar stinge upp or Sjofennarne, glittrande i Soli. Snjofennarne tøygde seg ned etter Bakkarne mot Dalbotnen; nedanfyre var grønt, friskt Gras, og Kyrne gjekk der og aat. Det lyste av deires vene Lit, raudt og kvitt og svart, Bjøllurne ringlad med al Slags Ljod og blandad seg med Fuglesong og Bekkjesildr. Bergi var reine og kvite som saapetvegne. Bekkirne hoppad nedyver deim kaate og lettlivad med so blankt og klaart Vatn som den skjire Luft. Med Eit høyrde eg ein Sus og Dun; eg tenkte det var ein Rjupeflokk, som fauk upp attom meg, men eg vaknad av Draumen, og daa var det Kristianiafolket, som klappad, daa Slaatten var til Ende.