Fraa Mo i Telemarkje.

(Brev.) No etter Jol hev me havt Treskjerarskule her i Mo. Asbjørn Hylland fraa Vinje var Lærar. Me var atten Gutar paa Skulen, og me likad oss utifraa godt allesaman. Hylland er hag Kar til aa bruka Kniven. Det er merkjelegt aa sjaa so fine og livande Blad og Blomar, som det er i Rosurne hans. Det er heiltupp utrulegt, at Folkenevar kann gjera slikt.
           
Det er Meiningi, at me skal faa Treskjerarskule att til Vetren og. Og daa kjem det vist endaa fleire Gutar enn det var no. Eg vilde ynskja, at her maatte koma Treskjerarskule i kver Bygd. Telemarkje vilde hava Bate av det.
           
Hylland tenkjer vist paa aa flytja fraa oss no, anten til Porsgrund elder Kristiania, der han daa vil taka fast Bustad og driva paa berre med Treskjerararbeide. Men Telemarkingarne vil tapa mykje paa det, um dei slepper ifraa seg ein so utifraa hæv Treskjerar som Hylland. Det er aa vona, at dei vil leggja paa Løni hans, so han kann slaa seg til her i Telemarkje aa arbeida for Heimbygdarne sine.
           
Her fraa Telemarkje vert det sendt mykje Treskjerararbeid inn paa Utstellingi i Kristiania. Og eg vonar, det vil syna seg, at me kann gjera nokot her uppe i Fjellbygdarne og.      
 
16/ 5 83.  
 
O. _ J. _