Julirevolutionen.

[Del 7 av 8. Første delen]
 
6. Statskup og Revolution.
 
(Framhald.)
 
           
Dei gjekk fælt stillt fram med Statskupet, so ingen skulde merka det og laga seg til Motstand. 25de Juli. skreiv Kongen under 5 Rettarbøter, Juli- Ordonnansarne, dei kallar. Av desse var dei 3 fyrste dei hardaste. Den eine gjekk ut paa, at inkje Blad elder Aargangs-Skrift fekk koma ut, mindre Styringi gav Lov, og ingi Bok, som var mindre enn 20 Ark, kunne koma ut, fyrutan Samtykkje av Innanriks-Ministeren, soframt det var i Paris, elder Præfekten, soframt det var i ein annan By. Den andre Rettarboti løyste upp Deputeret-Tinget, fyrr det kom ihop; den tridje innførde ei ny Val-Log, so det heretter berre skulde vera 262 Tingmenner istadenfyr 430; Styringi tok seg heiltupp Magt til aa faa Valet til aa gaa, som ho sjølv vilde, og Fleirtalet av dei Næringsdrivande, som Polignac var rædd fyr, misste Røysteretten sin.
           
Styringi var trygg paa, at Folket skulde halda seg i Ro, og at Vinstremennerne i verste Fall berre skulde koma med store Ord og sprikjande Talemaatar. Ho hadde berre 12,000 Mann i Paris, og desse hadde livt so lenge i Hovudstaden, at dei var Godvener med Folket.
           
Dagen etter, 26de Juli, vart Rettarbøterne kunngjorde. Dei meir upplyste vart harme og ottefulle; men Styringi hadde godt Mot, Polignac var sorglaus og var like sæl, daa han høyrde, at Statspapiri gjekk ved, og Kongen var faren paa Veidestig (Jagt). Men daa det kom Paalegg til alle Prentestovurne, at dei ikkje fekk gjeva ut nokot Blad utan Samtykkje av Styringi, so kom Utgjevararne av Vinstrebladi ihop, og Thiers, som styrde Hovudbladet til Vinstre, skreiv ein Protest og sagde i den, at no hadde ikkje Logerne Herredømet lenger, men no hadde Valds-Herredømet byrjat, og ingen hadde soleids den Skyldnaden paa seg lenger aa lystra. Dagen etter, 27de Juli, stod denne Protesten, underskriven av 24 Bladskrivarar, i Vinstrebladi. Alle Stader las Folket denne Protesten, paa Gatur, paa Torgi og i Kaffihusi, det laag Uro i Lufti; Arbeidet kunne ikkje gaa sin jamne Gang i slike Tider, og Fabrikkeigarar og Kaupmenner og Handverkarar sagde upp Arbeidararne sine, so umkring 30,000 Mann gjekk og slong og hadde inkje til aa liva av. Heile Flokkar dreiv i Gaturne, Politiet sette fast ein og annan, og dermed aukad Sinnet paa, og dei tok paa og skreik: Live Grunnlogi, ned med Ministrarane, det vart Slaasting her og kvar, dei kastad Stein gjenom Vindaugurne hans Polignac og bygde Barrikadar. Studentar og Soldatar, som hadde tent under Napoleon, var med i Folkehopen, men det vart ikkje Aalvor endaa, for dei vantad Vaapen. Kvelden kom, og det vart Slutt paa Slaastingi fyr den Dagen.
           
Tidleg um Morgonen den 28de Juli saag det speleg ut. Liksom ikkje Kongen hadde faret uvarleg nok fram fyrr, utnemnde han no Marsjal Marmont (Marmong) til Førar fyr Heren; han var ein Mann, som Folket hatad og svivyrde og heldt fyr ein Landssvikar 1) . National-Garden var, som fyrr er fortalt, uppløyst, so der var ingen til aa halda Ro so nær som Marmont og den vesle Heren hans. Folket stengde Gaturne med Barrikadar, braut upp Vaapen-Buder og Krut-Hus, Stormklokka ljomad og kallad mange Tusund fram til Strid fyr Log og Rett. Ned med Bourbonnarne ropad dei og reiv ned dei kvite Fanurne og sette upp den trifargad. Marmont, som ikkje likad Statskupet, sende Bod til Kongen, at han skulde gjera Fred, men Kongen var uruggeleg og vilde ikkje taka Juli-Ordonnansarne attende. So laut Striden halda paa att. Paa baade Sidur slost dei paa Kara-Vis, men dei fleste Soldatarne var litet hugad paa aa slaast fyr eit Statskup, sameleids Offiserarne; Folkehopen aukad paa jamt, og all den Harmen og Mothugen, som, Bourbonnarne hadde avlat fram paa 15 Aar, tok no til Verja; dei lagde seg paa Lur attum Husi, skaut ut igjenom Vindaugurne, stellte med dei, som vart særde. Men Soldatarne fekk ingi Hjelp og litet Mat og vart reint uppgjevne i Solsteiken. Striden kostad mykje Blod, det var storlyndte, motige Menner paa baade Sidur, men dei for mykje med Lempe og, og mangein Gong sparde dei Fienden, naar han rauk.
           
Um Raadstova rasad Striden paa det villaste. Fleire Gonger tok Folket ho og misste ho att, men endeleg, daa Striden hadde vart i 10 Timar, laut Soldatarne gjeva ho upp og drog seg attende, trøytte og hugfallne til Kongsgardarne, Tuileriarne, Louvre (Luver) og Palais Royal (Palæ roajal).
 
Um Natti bygde Folket fleire Barrikadar, og Heren vart innestengd paa eit litet Rom kringum Kongsgardarne. Fleire gode Borgarar hadde Dagen fyreaat bedet Marsjallen skipa National-Garden att, men daa det vart negtat, slo dei seg til Folket.
           
Morgonen 29de Juli bar det til med Slaastingi att, og Folket skaut mykje betre den Dagen, og det var sjaa-ande til, at det no var meir Umtanke og Skikk paa det. Marmont saag, han kunne ikkje halda seg lenger, og Polignac og hine Ministrarne reiste til St. Cloud, eit Stykke vestan Paris, til aa halda Statsraad med Kongen. Baade Kongen og Polignac hadde voret fullstøde paa, at det berre var Hertugen av Orleans 2) og Lafayette og nokre faa andre av Fiendarne til det bourbongske Kongehuset, som hadde stellt til Upprøret, og dei vilde ikkje vita av Forlik, men no ramlad det ned alt ihop yver Hovudet paa dei. Tvo Regimenter av Heren, som var reint utasad av Møda og Solsteik og Svult og Torste, vilde ikkje slaast med Folket lenger. Garden heldt ut endaa, og Sveisararne, Søner av frie Menner, slost i desse Dagarne motig fyr Pengar til Vern fyr Einveldet, men no vart dei for faae. Marmont hadde 3 Batallionar Sveisarar i Louvre; dei tvo sende han dit, der dei tvo Regimenterne hadde stadet, og den tridje vart att til Vern fyr Louvre, men den rømde sin Veg, og i same Blinken var Louvre full av Folk, som skaut ned paa dei Soldatarne, som endaa stod; men daa desse saag, at Louvre var teket og at Sveisararne tok Beini paa Nakken, so sette dei av Garde paa vill Flugt dei og til Tuileriarne. Ved Middags-Leite rauk den Kongsgarden og, og den trifargad Fana blakrad no fraa Taket, medan Marsjal Marmont med Naud kom seg undan med Leivningarne av Heren og tok Vegen til St. Cloud.
           
Slik Ende fekk Striden. Umkring 1000 Menner var fallne og 5000 var særde, endaa baade Soldatarne og Folket i det heile hadde faret so mildt og lempelegt aat, som Raad var, og det var ikkje mange, som hemnde seg paa Fienden, naar han var yverstigen.
           
Folket sjølv var det, som hadde reist seg, fyrutan Førarar; det hadde fylgt berre sin eigen Hug og Givnad og rist Hardstyret av seg.
                                               
( Meir.)
 
 
1) I 1814 sveik han Napoleon og var meir enn nokon annan Franskmann Skuld i, at Ludvig den 18de kom paa Trona istadenfyr Son hans Napoleon.
 
2) Son hans Fillip Egalite, som vart rettad under den store Revolutionen.