Lerka.

Lerka ho flyg so fegjen og sæl
upp imot Himlens Skyar;
lengtar ho gjer um Dag og um Kveld,
mea ho fer yver Dal, yver Fjell,
høgt yver Land og Byar.
Sjaa ko ho hikar mot Fedrastrand kjend,
elskar kvart barnagodt Minne!
alt er so heimlegt, so huglegt og vænt,
der hennar Vogga stod logn og plent
ruggat av Vaargufser linne.
Difyre dreg ho so vida um Hav,
ikkje der Sud ho vil vera;
radlege gjeng det i fjukande Kav,
Vaarbod fram ho skal bera.
Fram imot Nord gjeng Kosen avstad
upp aat dei gamle Grunnar;
der kann ho kvitra so sorglaus og glad
høgt yver Holt og Runnar.
                                               
n. n.