Tidender.

Kristiania, den 26de Mai.
 
Regjeringi hev kje forbrotet seg, segjer Høgrebladi. Ho hev berre talt Kongen til aa halda paa Grunnloven slik han er. Det er heile Brotet. Dette er godt sagt; det ser ut som Sanning, og mindre upplyste Lesarar tek det vist og for det. Men det er likevæl skir Usanning. Det er sannt, at dei talde Kongen til aa halda paa den gamle Setning i Grunnloven, at Riksraadarne maa kje koma i Tinget. Men i same Blinken, som dei gjorde dette, so sette dei nokot nytt og inn i Grunnloven, og det var det absolutte Veto. Det hjelper kje nokot, at Riksraadarne sjølv trudde og trur, at Vetoet stend i Grunnloven; det kjem an paa Meiningi av Odelstinget, som skal sjaa etter, um Regjeringi fylgjer Lovarne. Og Odelstinget meiner, som me veit, at Vetoet stend kje i Gurnnloven. Regjeringi hev altso gjort nokot, som er ulogleg, meiner Odelstinget, og difor vil det hava henne for Retten.
 
           
Me er fegnekann du tru, her uppe i Bygdane, naar me høyrde, at det vart Aalvor med Riksretten. Eg trur ikkje, at her er nokon Vinstremann, som likad seg, naar han høyrde, at det stod paa med Forlik og slikt. Gjera Forlik med Reven nyttar lite, og so var det daa visst ei Vilkor, som me totte var skamlegt, det var ei fast Pensionslog for Riksraadarne.              
 
(Fraa Telemark.)
 
           
Folkeledere er det som all denne Røra i Politiken hev komet ifraa skriv Almuevennen og aatvarar mot dei. Han likad seg mykje betre i gamle Dagar, daa var det Fred og Ro, og inkje andre Blad enn han sjølv, so dei laut tru det han sagde. Det var Folkeleder det. Men no skulde De fylgja hans eiget Raad og fri Dykk for slike, De er for gode til aa dragast med dei. Fyrst dreg dei Pengar av Dykk og vert rike, og so held dei Dykk i Trældom etterpaa. Det er inkje verdt aa føda upp ein slik Gut lenger.
 
 
Wergelandsstytta var fager aa sjaa den 17de Mai slik, som ho var prydat med Blomar og Kransar og nasjonale Silkjebaand. Men her er nok mange her i Kristiania, som inkje likar, at Folk minnest Henr. Wergeland paa Fridomsdagen vaar. Det synte seg no siste 17de Mai det. Alt kring Midnatt var fleire av dei fagre Kransarne rivne av Stytta og strødde kring paa Marki, og Fotstaden var vætt nedantil. Dagen etter var all naa-andes Prydnad nedriven. Eg hev liti Tru paa, at ein simpel Arbeidar vilde gjera nokot so raat. Det er nok finare Folk, som driv med slikt, og me veit alle, korleides den fine Kristianiapøbelen er. Han er liksom dei usidade Hundarne, som gjeng og svinar til alt, dei treffer paa og helst det, som er gjævt og stort.
 
_ r _.
 
           
Tolsemd.I Land hadde Høgrekararne tilskipa ein 17de Mai-Fest, som dei ynskte at Vinstreflokken au kunde vera med paa, han skulde verta so fredeleg sagde dei. Til ein slik Fest hadde dei tingat _ Yngvar Nielsen som Talar. Jau det er tolsame Folk Høgre!
 
           
Til Bibel-Umsetjingi paa Norskvil Pengenemndi raada Tinget aa lata til 2000 Kr. aat det norske Samlaget umfram det, som det hev atter av dei Pengarne det fekk fyrr. Det er paa dei same Vilkor som fyrr, at Arbeidet skal godkjennast av Kyrkjestyringi.
 
           
470hev meldt seg til Eksamen Artium iaar, 279 til den klassiske, og 191 til den reale.
 
           
Statsministar Kjerulfhev skotet ut dei same Mennerne or Riksretten mot seg som Selmer, 13 Mann han ogso. Det segjest, at alle er samstelte paa aa skjota ut dei same.
           
           
Stortinget hev no havt for seg um dei Fyrarne, som det vart gjort slikt Staak um ifjor, at det var til stor Mannspille, at dei vart negtad. Iaar er Tona annleids millom Høgre i Tinget, dei maa sanna at det var ikkje so ille endaa. Iaar hev dei latet til Pengar til Gas-olje-Lampur mange Stader istadenfor aa byggja Fyrar, daa desse Lampurne, som er nyleg uppfunne, er so mykje billigare og inkje treng ein serskilt Mann, som skal passe dei jamnt, dei kann brenna lange Tider, utan at dei sloknar.
 
           
I Bergenhadde dei ei utifraa gjild og hugsam Syttandemai-Fest. Den politiske Striden vart heilt gløymt baade av Høgre og Vinstre. Beslutninger, hvis Følger ingen kan forudsige, vart det kje tenkt paa. 17de Mai var Samlingens Dag for Bergensrarne. Alle som ein ropte dei Hurra. Her i Kristiania kunde kje Fleirtalet av Folket hava nokon Hugnad av aa vera med, skreiv Morgenbladet. Dei er kje plent likeins Bergensfolket og Kristianiafolket, som ein ser.