Blomar.

Aa Blomar. Blomar no maa De bløma,
for Hugnad vidt vil fraa Dikon øma.
De stande lognt unde Li i Ly
for Vind og Stormar og Toresky!
 
(Stev.)
 
           
Det veks so mangein fager Blom; fyrst ein kagar etter dei, so finn ein so mykje, ned med Strenderne, paa Jordi, uppe i Aasarne og Lidarne og inne paa høgste Heidi. Det er ymse Slag, for dei vil kvar si Jord og si Luft og Verme og Væta, etter det, som kvar treng.
           
Eg tykkjer so Gaman i aa ganga og sjaa paa Blomarne, det er noko av det gamaste eg veit. Naar eg finn ein, som eg hev kjennt fyrr, so hev eg mi Un i honom som i ein Kjenning. Og naar eg finn ein ny ein, som eg inkje hev set fyrr, daa maa du tru eg er sæl. Eg ser paa honom og lugtar og granskar honom og ser etter i Bøker, eg gjev meg inkje, fyrr eg fær ei Greida paa honom.
           
So naar eg fer paa ymse Stader, so hev eg mi Moro, eg spyr Folk um, kvat heiter den Blomen, og den og den. Men det er sjeldan dei kallar honom likeeins paa alle Stader.
           
Og det er fælt faa Blomar og, som Folk flest veit namnet paa, det kann berre vera sume, som hev nokot større Vit paa dei.
           
For naar eg spyrr, so blandar dei isaman og ser inkje aa skilja, berre dei heve den same Liten, so segjer dei eit Namn, som er paa ein annan ein.
           
Smaagutar og Gjentur, aa sjaa væl paa Blomarne, samle dei ihop og faa Greide paa dei, so skal De sjaa kor morosamt det vert. Skulemeistrar, Deskal sjaa til aa læra upp Borni meir i dette, daa gjer De ei god Gjerning.
           
De skal samla ihop, so De hev aa visa fram av alle Slag, som det er Raa aa finna, og so skal De vera med Borni ut i Skogen sjølve. Og so skal De læra dei heimlege Namn. Dei er so ulidande desse framande Namni, baate dei danske og dei latinske. Det er nok, um ein hev framande Namn paa framande Ting; men Blomarne, som veks i vaare eigne bygder, dei skal me daa inkje skjemma ut med slikt. Er det litevetta Framtak i Dykk, so vaagar eg, at De finn Namn paa mest alle Blomar i kvar Bygd, berre De inkje gjev Dykk for snart og trur, at det inkje nyttar, naar De hev spurt nokre Tjuge; det er alltid ein, som veit det. Hellest hev Sørensen mykje norske Namn i den vesle Boki si um Norges Flora. Og so hev Ivar Aasen skrevet upp utruleg mange Namn fraa alle Delar av Landet, men det er væl vandskelegt aa faa fat paa; det stend i Budstikken for mange Aar sidan.
           
Det norske Samalget skulde tenkja paa iminnsto aa faa trykt upp dei i eit lite Hefte. Helst skulde dei sjaa til aa fraa istand ei heil Plantelæra, som kunde vera høveleg aat Ungdomen. De skulde freista med honom Ivar Aasen, um De kunde faa honom til det, han er den, som kunde gjera det best, han som hev gjort ei snøgg Utgreiding um detta i Heimsyn og samlat Namn og hellest syslat mykje med detta.
           
For aa stella med Blomar, det hev meir paa seg enn nokon skulde tru um so smaae Ting, allvist for Ungdomen. Det kann hjelpa til likeso mykje som ei fager Bok hell ein ven Song til aa opna Syn og Sans paa Folk for det som fint er. Folk er jamnast altfor grovsynte, men Blomarne med sine mangleides Liter og skire Former og med sin fine Ange, saa faa Sans for dei, det vilde vera den beste Fyrebuing til aa læra Folk til ogso aa faa Sans for fine Dikt, ja for kunsti i det heile; og dette er ogso den Fyrebuing, som er den naturlegaste, ja til med den billegaste.
           
Naar ein kjem paa Sætrar hell andre Stader, so ser ein væl stundom Blomeduskar stend i Glaset, men ser ein etter, so finn ein lite hell inkje av dei finaste, det er mest av dei, som glor og hev lømandes Liter og angar sterkt, men den sterkaste Angen er inkje jamt den finaste. Og det er inkje det aa hava mange Slag samanbundne i Duskar, som er det unelegaste. For det er vandskelegt aa faa isaman slike, so at det vert Samhøve, og kvar Blom med sin Lit og sin Ange kann samverka, so du fær eit Inntrykk av Dusken inkje som det er ei Samling av Blomar berre, men som ein einaste Blom altsaman; daa fyrst er det ein Dusk, som det er Mun i. Men for aa kunna gjera slike trengst det fyrst at ein fær Sans for dei einskilde Blomar, ein for ein, slik som dei stend i Skogen.
           
Sjaa paa dei blomeklædde Vollar og anse etter korleids det stend allting der, tak so Blomen einsleg for deg, og sjaa paa honom væl, daa skal du læra aa elska honom, og du fær inkje so hardt eit Hjartelag meir, at du skjemmer honom ned, medi du trugar honom ihop med slike, som han maa blygjast for aa vera isaman med, og han vert vanstelt baate paa sine Blad og paa si Krona.
           
Gjentur, sjaa paa Blomarne og sjaa væl, so lærer De aa klæda Dykk og pryda Dykk som venast, for pryda Dykk det vil De gjerna, og det er Rett, berre De kann gjera det vent, men De hev mykje aa læra endaa av Blomarne. De veit, at Kong Salomo i all Herlegdomen sin var inkje som ein av dei.