Ein Kulturmann.

Thi det er langt værre at kunne lidet end at kunne slet intet, sagde Professor Ludvig Ludvigsen Daae paa Novembermøtet nede paa Festningi.
           
Ja so sagde han, _ og sjølve Bakar Sten fraa Bygdøy klappad.
           
Eg for min Del hev inkje visst rettare, enn at me kvar for oss inkje kunna nokot fra fyrst av, og eg hev vondt for aa tru, at Daae sjølv vart Professor i ein Blink.
           
Han kunna nok ingen skapande Ting fraa fyrst av han helder; men daa han inkje fann seg nøgd med det, so lærde han fyrst nokot, so meir, og til Slutten vart han Professor. Alle kann litet ei Tid; men naar dei aukar attaat, so vert dei visare og visare. Folk flest trur og, at ein kjem lenger med aa kunna nokot enn med aa vera faavis, og eit Ordtam segjer, at den, som hev lært nokot, kann altid læra meir.
           
Og, som det er med den einskilde Mannen, er det og med eit heilt Folk, og ingen sann Vismann svivyrder eit Folk for det, om det inkje er komet so langt, som han kann ynskja.
           
Men Kui gløymer, at ho hev voret Kalv, og Daae gløymer, at han inkje all sin Dag hev kunnat briska seg i Doktorhatten. Etter det, han sagde ned paa Festningi, lyt ein tru, at det er best aa vera anten som Grisen elder som _ Ludvig Ludvigsen Daae og Bakar Sten fraa Bygdøy.
           
Daae er Professor i Historie, og daa hadde ein vel Lov aa venta, at han skulde hava merkt seg nokot, som heiter Framgang. Trulegt er det og, at han hev leset um nokot sovoret; men me fær væl inkje venta formyket av Vitenskapsmennerne vaare helder. Det er inkje alle av dei, som hev fenget Givnad til aa skjyna det, dei les.
           
Eg kann ellest godt skjyna, at Novemberprofessorar og slike Kultar sender ein løynleg Sukk attende til den Tidi, daa Folk flest inkje hadde stort meir Vit enn Grisen. Men Folket er no eingong so vrangt, at det inkje spør stort etter, um det hev Lov til aa utvikla seg elder inkje, og helder inkje spør det etter, korleides Utviklingi skal sjaa ut. Folket sig jamt og naturlegt framyver, og kanskje den Dagen kann koma, at dei Menn, som no vert hædde av Novemberkulturen, av Soga vert nemnde som dei sanne Kulturmenn, medan Professor L. Daae og Bakar Sten fra Bygdøy og Groserar Gulbranson og slike Karar _ ikkje vert nemnde eingong. Og det er Soga, som til Slutten feller den greidaste Domen.
           
At dei sjølve trur seg aa vera dei einaste kloke, det fær ein finna seg i. Det er ikkje deira Skuld, at dei hev so lite Vit, at dei ikkje skynar andre enn seg sjølve.            
 
_r _.