Eit Ord med.

Naar eg bed um Løyve til aa leggja eit Ord med i Laget i Fedraheimen, er det mest for aa segja ei Morgedølsgjente og John Lie Takk fyr det dei hev skrivet i Blae. Det er paa ein Maate sannt, det dei segjer baade tvo, _ og det er godt, at Sanningi sumgong vert framsett, endaa um det vert litet hardt og kvast.
           
Serleg segjer eg Tak og Heider, at me fekk sjaa deg, Morgedølsgjente, i Fedraheimen! Det tykte me mange var ovlega hugsamt. Me vil fælt gjerna hava Kvendi med oss i Striden og Arbeidet paa alle Leider; og dei, som fyrst vaagar seg ut her, skal hava Æra for det, stor Æra.
           
At det ikkje er so trongt i Telemarkje, som John Lie synest og segjer, kann hellest gjerna vera; men eg veit at det er mange andre Stader, der det fyr mange er so hardt og trongt, so John Lies Ord høver berre altfor godt. Og desse som heve set og røynt, kva dei maa slita, som hev det trongt _ dei vil sanna Ordi hans; ingjen annan skynar detta fuldt.
           
Ein stor F. i No. 18 meiner, at dei, som er Diktarar og kann skriva Bøkar og Blad fyr Folk, skulde heller sjaa til aa gjera Folk nøgde og glade i sin Heim. Sanneleg, det trengst nok annat og enn aa fortelja fyr den fatike og nedtrykte um alt det, han ikkje fær nokot godt av! At Diktarar hev eit fagert Kall til aa setja fram det ideale, veit me væl. Men det nyttar ikkje, at dei berre maala det lette, ljose og varme og so glaamer utum det tunge, myrke og kalde, som so mange maa trykkjest og tærast og slitast under. Det trengst at dei, som hev Ordet i si Magt, set fram baade det myrke og det ljose, baade i Fatikmannens og Rikmannens Vilkor; daa fyrst kann me faa eit sannt Bilæte av Livet.                                    
 
T _r T _a.