Er her inkje trongt no i Norgi!

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Slutten. John Lie.) Hr. F. segjer, at dei veit inkje kot Slit og Slæp er i Telemarki, og Arbeidsgogne er der so lett som Leikur mot paa andre Stelle i Landet. So. Eit gamalt Ord segjer, at det er ingen til Bate aa arbeida med ei tung og ulagleg Gogn. Og det er ei Ros fyr Folket hera, at dei hev lett og hendig Arbeidsgogn, so kan dei bruka sine Krefter til Arbeidet _ og inkje spille Helvte av si Kraft paa Skippunds-Jarnstaurar og Lispunds-Grev. Og er det inkje so, at i Amerika forstend dei aa arbeida? Men so lett og handsameleg Arbeidsgogn som i Amerika finnst ingen annan i Stad i Verdi.
           
Dei gjer inkje annat um Vettren enn et upp Sumaars-Avlen, og Kosten er so framifraa god og nærande, segjer Hr. F. vidare. Aa du Landsens Fader fyr eit Paradis Telemarki daa maa vera! Der kan dei eta framifraa godt, og tarv inkje arbeida, inkje kjenna til kot Slit og Slæp er!
           
Maa eg spyrja Hr. F. kven er det som hev slite ihop den Avlen, som Telemarkingarne liver so flust av um Vettren? Skulde det kanskje vera Telemarkingarne sjølve?
           
So, _ dei arbeider inkje i Telemarki. Men veit Hr. F., kot det hev paa seg aa liggja ute aa draga Høy elder kjøyra Timmer og Høy faa Gry til Kveld i Skogar og Heidar, ofta sine 12-14 Timar um Dagen i Styggeveir, Snjor og Kulde? Og so sita aa faa seg Mat av ei klaka Niste, inkje i Hus, men paa den kalde, kvite Snjofonn. Og so er det inkje jamt aa faa kvila um Kvelden helder.
           
Alle vert agta like, segjer F. Men kor eg hev faret i Telemarki og andre Stader i dette Landet, so hev eg jamt set, at Fatikfolket fær kleinaste Maten, laagaste Sessen og uvandaste Sengi. Me er nokk inkje komne lenger Gud betre det.
           
Det, som Hr. F. segjer um Amerika, tykkjest eg er uvyrde sagt, for inkje aa segja nokot meir. Han segjer, at i Amerika der vert Dalaren vyrd yver alt _ yveralt, utan Undantak stend det. Der er altso inkje ædelt Aandsliv og fagre Menneskje-Dygder i Amerika! Lat oss vera Folk, og inkje neigta det Gode kor det finnst. Der er vituge Folk i Amerika ogso. Dei gløymer inkje sitt fatike Heimland og sitt endaa fatikare Heimfolk, dei, som fer fraa oss til Amerika. Det syner dei 1000 paa 1000 Kronur, som kjem derifraa til dette arme Landet. Vil kanskje nokon segja, at desse Pengar inkje kjem oss til Nytte. Aa jau, meiner eg, for det er visst, at største Mengdi av dei Fatikfolk, som Skyldingar elder Kjenningar hjelper yver _ dei hadde vilt med Tidi kome til aa legje Bygdarne til Byrde som Foddog og fengje av Kassa. Her i Fyrisdal t. D. er her Folk i Sneisevis, som er vortne hjelpte utor Armodsdomen yver til Amerika av Skyld- elder Kjends-Folk, og som no hev kome godt i Veg, og sit som sjølvstendige Folk i ein god hugnadleg Heim. Og hadde dei voret her, er det plent visst at dei longe sidan hadde voret paa Fatik-Kassa.
           
Eg meiner, eg fôr riddarleg og fint fram mot Morgedølsgjenta, som eg nemnde i fyrste Stykkjet mitt. Eg gav henne Lovord fyrr hennes fagre Stil, som rett høvde aat ei fin og ferm Telemarks-Gjente. Ho skriv inkje so fint no seist, endaa ein kann liksom av Stilen sjaa det er ei druste Gjente, som eg hev all Vyrdnad og Age fyre. Eg hev aldri i mine Dagar missmætt Kvende, men elska dei fraa eg lærde aa segja Mor. Og eg vilde, at Kvende i eit og alt hadde sama Retten som me Menn. So Morgedølsgjenta turvte inkje gjeva meg Sneidord, som lyt tydast slik, at eg inkje toler, at Kvende talar, men jamvel vil til alt det andre leggja Mule-Band paa dei. Det vil eg no inkje. Men det vil eg segja: hennes Lovord yver den daude, harde, kalde og arme Natur og hennes Lastord yver det livande, lidande og strævande Folk hera i Telemarki, dei finn eg baade hjartelause og ufagre _ um ho likar dette betre enn usanne.
           
Til Hr. F. vil eg so til Slutt segja: gjev inkje vondt fraa deg til Amerika. Syn meg eit Land, som hev gjort so mykje til Mannens Lykke og Framgaang i Sanning Rettferd og Godt som Amerika! Det trur eg inkje du elder nokon annan kann. Amerika er det mest framskridne Land i Verdi. Europa liggje langt attende _ jamvel Norgi er inkje komet fullt so langt ennaa, traas si urokkeleg støde Regjering, nei inkje eigaang Telemarki med alle sine Diktarar og sin framifraa gode og nærande Kost, er komet so langt fram som Amerika.