Ferdabrev.

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Fraa Oddmund Vik.)
 
(Framhald.)
 
Me kjøyrde gjenom Brøns . Der heve voret ein dansk Folkehøgskule, men Tyskararne kunde ikkje tola honom, og so jagad dei Styraren or Landet. Det same heve hendt ein annan Stad og. I Rødding, der den fyrste Skulen av det Slaget tok til i 1844, heve dei maatt slutta med Guteskulen, men Gjenteskule er der kvar Sumar. Tyskararne likar ikkje honom helder, segjer dei, men dei heve no gjevet Løyve til det. I Brøns stend ein stor Minnestein um eit Bondeslag i Januar 1849. Tvo Gonger hadde Bønderne skræmt Tysken burt, endaa dei ikkje hadde Vaapen, so det var likt til nokot. Men tredje Gongen rauk dei i hop, og daa fall det mange Bønder. Ei Minde om Glimredag, kun om trofast Hjerteslag, stend det paa Steinen.
           
So er me i den rette Marsken! Der det er laagast, finnst det ikkje Hus lange Leider men berre store Vollar. Husi stend paa Haugar, som er lagade med Folkemagt dei fleste Stader. Tidt saag eg Baatar ved Husi, flate i Botnen var dei, og dei hjelper visst godt i Flaumtidi. Mest kvar Haust kjem Havet um Lag ei Mil innetter. Eg høyrde mange Sogur um Flaumen. Sidste Haust gjekk han lika uppunder Fjoset, og daa fekk dei snøgg Venda med Myki si. Men ho var ikkje annat til enn aa koma ut paa Vollarne. Og all den Hævd, som Flodi hadde med seg daa! Marsken er mest Leir, men so feit er han, at han ser ut som Talg. Utruleg gror det og. Kornet trivst ikkje godt, men Graset veks tett og fint, ja ikkje so fint som det beste norske Engjahøy likevel. I Norig vilde Folk segja, at det var forvakset, for stivt og turrt. Um Kyr og Uksar rødde Folk mykje no. Dei skulde kaupa Drifter til Sumaren. Prisarne var fælt høge i Aar, ja eg undradst paa, at dei kunde bitala so mykje. Men naar alt er Feitt til Hausten, so fær dei Pengar og. Fælt so store Kyr heve dei, og Kjøt var det paa deim. Mangein Mann heve det altfor lett i Marsken. Han leiger burt Vollarne sine til Driftefolk, og so heve han berre aa telja til seg Pengarne. Andre el daa upp Naut sjølve, _ eg var hjaa Bønder, som var svært gilde til det. Smørlaging svarar seg ikkje, segjer dei. Der dei ikkje heve Marsk, tek dei og til aa slaa paa det same no. Eg fekk ikkje illt av Nauterødurne aat Folk. Baade visste eg, at det laut til, og so kunde Folk vera med paa nokot annat og. Fint i Husi var det, kvart du kom, og Folk hadde mykje av Bysvingen. Men det gjorde ikkje stort, for Folk var ende fram.
           
Me stod i Kyrkjetornet i Mjaalen og saag so vida ikring. Ein av deim, som var med, hadde stadet der so tidt og set, korleids Bylgjurne fraa Havet kom. Den Flaumen er baade god og vond. Kjem han inkje, so er det reint illa, og kjem han som t. Ds. i 1816, daa kann han øyda det han gav i mange Aar. 1816 gjekk han midt uppaa Vindaugo. Kjem Flaumen braadt um Sumaren, medan Marsken er full av Naut, daa kann han gjera fælt til Varp. Her finnst det ikkje Jordvollar etter Strandi til aa møta honom. Der dei heve det, fær dei ikkje meir Flaum, enn Folk sjølve vil hava, ja det skal daa vera i Stormvedr, daa hender det tidt, at Jordvollen giv seg, og det vert ein Flaum, som gjeng jamhøgt med Husi. I Vest saag me den lange Rømø, som giv god Livd imot Stormvedret. Øyi tok seg ut som eit Sagblad, ein skulde tru der var baade Fjell og Knausar, men det var visst ikkje annat enn Sandhaugarne ut mot Havet.
           
Men gjeng Havet inn der? spurde eg, daa me kom kjøyrande aat Marsken. Det laut plent vera ein Fjord, meinte eg. Fylgjesveinen smollad og log: Aa nei det er ingen Fjord. Heve du aldri set ei Luftspegling? I klaart Vedr er det Luftsyner allstødt i Marsken, allvisst saag eg kvar Dag eg var der. Men eg saag det aldri annarleids enn som Vatn. Gardar laag som Øyar i Innsjøar, lange Fjordar gjekk inn i Landet. Løgumkloster laag ein Dag soleids i Vatn, at det gjekk langt upp aa det. Og slik ei livande Luft som i Marsken! Det var ei Giddring paa henne, so du skulde tru ho dansad Halling. At Folk maatte taka desse Luftspeglingar som Fyrebod paa store Flaumar, er so trulegt.
           
Fraa Marsken skal eg no berre nemna alle dei Vindkvernarne, som stend ikring Vollarne og gjeng baade seint og tidlegt. Dei er ikkje som Mylnebruki, dei er større og stend jamt paa ein høg Mur. Desse stend paa ein høg Stolpe, altid jamsides ei Elv elder ein Bekk, og dei driv ein Snigel, som lyfter Vatnet i Høgdi, so det kann renna heim til Garden. Denne Sniglen er lagad som ei Pumpa, men han er tom inni, og so gjeng det ein stor Skruvegang etter heile Stokken. Naar Vindkverni driv Sniglen rundt, kjem Vatnet uppetter Skruvegangen, men daa maa Sniglen ganga skjott og.
           
Sundag fyre Kvitsunn skulde det vera Møte i Bavlund, midt i Sønderjylland, der Paulsen heve heime. Som dei plagad, skulde Møtet byrja Kl. 3. Folk held paa og gjeng inn, men so vert dei vare Heradsfuten 1) . Eg saag so vel, kor det stokk i Folk, det var ikkje betre som eg totte dei var altfor blaute, men so hugsad eg, at det var danske Folk, som Embættesmennerne skal tøyma hardt. Heradsfuten hadde dei aldri set ved Møti sine, og dei hadde ikkje Hug aa giva honom Vane paa deim. Fyr nokre Aar sidan vart Paulsen sett til aa bøta, fyrdi han aldri hadde sagt ifraa til Politiet um Møti. Paulsen vilde ikkje bitala, daa det berre var politiske Møte, ein burde melda. So fekk han Sak paa seg, men Domen gav honom Rett, og det hadde ikkje so litet aa segja. For det er daa fælt, at det jamt skal sitja ein Mann med Pikkelhuva, naar dei kjem saman til Gudstenesta elder Fyredrag. I Rødding lyt dei finna seg i aa hava Pikkelhuva kvar Sundag, for ho heve ikkje fenget Dom paa seg der. Men kvat vilde den Futen? Han hadde fulla høyrt, at ein Nordmann skulde tala, det er altid deim, som er beinsame med aa melda slikt. Futen spurde, um dei ikkje skulde byrja no. Dei drog paa det og meinte, at det kunde drygja litt endaa. Han ventad, gjekk att og fram. Men Folk samdest um, at dei skulde venta til den loglege Sundagenvar slutt, og det vart han Kl. 4. Dei hadde høyrt, at Sundagshaldet skulde verta strengare no, kannhenda Futen var komen og skulde sjaa til, at dei ikkje braut Sundagsheilagskapen. Futen dreiv og dreiv, so vart han trøytt og strauk til Kroi, der Damurne hans ventad paa honom. Me fekk vita, at Vogni hadde kjøyrt, og Møtet byrjad.
           
I Bovlund er stellt til som Kyrkja, og det er fint og høvelegt. Etter Messa vart det som skulde vera Sanghuset gjøymt burt, og det var berre ein stor Sal atter, Bord vart borne inn, og Folk fekk Kaffi og Smør og Braud. Medan Folk sat ved Bordi, vart det so haldet Fyredrag. Ingen maa tru, at eg vil hava det soleids alle Stader, men her lyt Folk taka det paa denne Visi. Møti med Fyredrag um eit og annat maa verta haldne som private Lag, ellest kunde Politiet krevja Rett til aa vera til Stades, jamvel det inkje kann krevja Melding.
           
Slikt eit mildt Regn var det, og det laag Draumar i Lufti, daa eg Fredag fyre Kvitsunn foor austetter. Eg vilde ganga siste Mili til Jarnvegen, men ein Bonde, som naadde meg atter, spurde, um eg ikkje vilde sitja paa med honom. Han hadde so liten ein Hest, og dei plagar jamt bruka tvo, men Mannen meinte det var ingi Naud, Hesten hadde gode Bein. Eg totte so godt um Mannen, at eg kjøyrde med lenger enn eg turvte, men han baud til, at eg skulde faa kjøyra mange Mil sudetter med honom. Det Tilbodet kunde eg ikkje taka imot, for eg vilde berre koma av Leidi. Mannen var Slagtar, stor Kunnskap hadde han ikkje, men han var ein vaken dansk Mann, og han visste vel, kvor han stod baade i eit og annat. _ Fraa dei nakne Vidderne til den friske Bøkeskogen, som rett heve fenget Lauv! Aa det livnar inn i deg. Baade nordetter og sudetter, so langt du ser, grøne Skogen, og so frisk grøn, og den milde Doggi! Eg tenkte ikkje paa det daa, men no ser eg det: det var fyr meg som i den friske Bjørkeskogen heime paa ein slik Vaardag med Dogg. Det er daa undarlegt likavel: Barneaari og dei fyrste Ungdomsaari kjem atter med sin Skapnad og legg honom inn i alle vaare Kjenslur sidan. Tidt var det godt, at me ikkje var so fast bundne! No byrjad Bakkarne, me var inne i Skogen. Men slikt eit Liv! Kvitsymra so tett som Gras paa ei Eng, med fine, friske Blomar. Gullstjerna og Lærkelæpen her og der millom Kvitsymra. Soleids, kvar du kjem. Og so høge og strake Leggjer paa dei Bøkerne! slikt eit tett Tak Uppetter Leggjerne er ein og annan grøn Kvisten, han pryder godt, ja han pryder til Kvitsunn. Undralaust, at Folk budde seg til aa halda Kvitsunn i Skogen! Me kjøyrde gjenom Dalar, Skogar, det lagad seg til som Lider, ja sumtid var det plent som i Norig, og der laag Aabenraa i Enden av Fjorden. Eg kom inn ein Stad og skulde kvila. Men det tyske Bladet var daa poetiskt, ja so eg fekk illt, endaa der stod so mykje um Skogen og Kvitsunn! Der stod eit Dikt og, men det var som hitt: Skrauv, Skrauv! Eg gløymde reint Skogen. Og der kjem dei tyske Hermenn etter Gata! Eg meinte dei var lette paa Foten, dei Gutarne, men dei kom som Slampar, trampande stampande. Kannhenda var dei trøytte.
           
Eg spurde, at det fannst Nordmenn i Byen, og dei hadde butt der lenge. Det skulde vera Gaman aa sjaa, korleids ein Nordmann tek seg ut millom Danskar, naar alle skulde vera Tyskarar, tenkte eg. Folk fortalde, at dei fleste Nordmenn hadde haldet trufast med Dansken. Men det var tvo Brøder, den eine var dansk i Hugen, og den andre tysk. Eg gjekk heim til honom, som heldt paa det danske. Han var gamall og krusleg no, men Liv var det i honom, og han var fulla fraa Bergen. I 60 Aar hadde han butt her, og sjeldan hadde han set upp til Norig, men du kann tru det var morosamt, at Bergens-Norsken med Bergens-slengen sat i Tunga hans endaa.
 
 
1) Han er baade Fut og Skrivar.