Fraa Trøndelagen.

(Brev). Middalen ligg i sydre Trøndelagen og høyrer aat Orkdølafylke. Bygdi er ikkje med dei kleinaste og heller ikkje med dei likaste i Upplysing og Framstig. Pietistarne er dei, som heve mest aa segja. Amtsskulen hev voret her eit Par Aar, og fleire bland Ungdomen byrjar spyrja etter, kva som gjeng for seg utanum Bygdi ogso.
           
Mange heruppe fær no store Uppropar pakkar. Men Uppropararne kunne gjerna spara litet paa Paperet, um dei visste, kor litet Folk her umakar seg med aa spreida ut Vetokristendomen deira. Dei segjer berre som so: Me hev kje forlangt nokot; ikkje veit me, kor det kjem ifraa, og ikkje, kva me ska gjera med det. Det snaalaste er, at dei høglærde Upp-Roparar køyrer upp med ei slik Horg av Underskrivarar under Setningarne sine; me heve aldri visst, at det var Mengdi, som gjorde det i religiøse Spursmaal. Og det tenkte nok ikkje Morten Luther hell, daa han sette upp sine Setningar paa Kjyrkjedori; og endaa hadde dei annat Klemb og vil minnast lengje etter at detta Veto-Uppropet er daudt og burte.
                                   
Ein Trønder.