Paa Utferd med Skulen

17de Mai 1883.
             
(Tone: Længe av Nordens.)
 
Upp ifraa Krakken!
Upp etter Bakken!
Ut i Guds herlege
frie Natur.
Frie som Fuglar
glade vi syngje,
:|: takke fyr Dagen,
Herren oss gav. :|:
 
Korset til Merkje
hugheilt vi fylgje,  
tok det i Arv
fraa Far og fraa Mor.
Blaatt liksom Himlen,
raudleitt som Sola,
:|: kvitt som ei Stjerne,
skjin paa vaar Veg. :|:
 
Korsbundne Fridom!
Skjin du som Sola,
Straal du som Stjerna
yver vaart Liv!
Kvelv deg som Himlen
med friskaste Blaalit
:|: yver vaart Arbeid,
yver vaar Leik! :|:
                                   
Stefan Frich.