Tidender.

Kristiania, den 16de Juni.
           
Luren er i mange Bygder so reint gløymd, at ingjen rigtig veit, korkje korleis han skal gjerast hell brukast. Det vilde vera mykje gjildt, um nokon i Fedraheimen vilde vera so snild aa gjera ei slik Utgreiding um Luren, at kvar deretter kunne gjera seg Lur sjølv, og, um mogeleg, eit Pek um, korleis han brukast, endaa dette er det vel mest Temijingi, som maa gjera.       
                                   
Ein Bondegut.
 
           
Nye Bøker. Alexander L. Kielland, som i Vetr hev voret i Kjøbenhavn, kom her ein Dagen heim att til Stavanger. Han hev skrivet ei ny Forteljing, som heiter Gift, og som skal handla um vaart lærde Skulestell. Samstundes kjem ho ogso ut paa Tysk.
           
Jonas Lie hev og ferdug ein Forteljing, Livs-Slaven, og sameleis Bjørnson eit Skodespil, Handsken. Desse Bøkerne kjem snart i Bokhandelen.
 
           
Vonde Merke. Aaret fyrr Aschehoug døydde politisk, fekk han den falske Adressa fraa Borre. No fær Selmer falske Adressur baade fraa ein og annan
Stad. I Tunsberg og Trondhjem skal det iser ha gjenget ymist til med desse Adressurne, og i Trondhjem gjekk dei endaa so vidt, at dei sette ein daud Mann upp paa Adressa til Veto-Ministeren.
           
Det er som dei skulde kjenna det paa seg, at dei driv ein daud-dømd Politikk. Og Selmer kann væl ikkje vera meir enn so maateleg glad, naar han fær slike Helsingar fraa Daudingheimen.
 
           
9de Junivart høgtidat paa fleire Stader, og det vart sendt ei Mengd av Helsingar til Præsident Sverdrup.
 
           
Fraa alle Kantarav Landet sender dei Takkebrev til Storthinget for Riksrettsavgjerdi.
 
           
Bonde Hans Grimelundfraa Vestre Aker, som døydde i fyrre Vika, var ein dugleg og frilynd Mann, 3 Gonger Thingmann, god Kommunemann so lengje til Novemberustyret fekk Magti, og ein framtaksam Arbeidar paa fleire kantar i Aalmannlivet vaart. Mange fylgde han til Gravi no sin Laurdag, derimillom Kristiania Arbeidarsamfund og Vestre Arbeidarsamfund med sine Merke.
 
           
Makrelfisket gjeng ikkje nokot vidare godt i Aar.
 
           
Dissenterloven rauk. No skal han sendast rundt til Heradsstyri, som skal segja si Meining um Saki.
 
           
Rektor Steentrudde paa det absolute Veto fyre 9de Juni, fortel Morgenbladet; men det er nok ikkje sannt.
           
           
Redaktør Thommessen skal under Tiltale, fordi A. B. Rustad hev drivet Spott med Guds Ord. Ja det er sannt!
 
           
Professor Lochmannkann liksom Vis-Knut og andre slike finna Vatn med ein Kvist, som han gjeng med i Haandi, og som bøygjer seg ned aat Marki, naar han kjem midt yver ei Vats-Aare, - fortalde han sjølv i Vitenskapsselskapet her um Fredagen. Dei andre Vitenskapsmennerne totte Saki var mykje merkjeleg.
 
           
Selmer fekk for nokot sidan ei Adresse fraa Nidaros. Ho vart send i ei forgylt Mappe, og paa Bladi stod 847 Namn. Høgrebladi var fegne, kann du vita. Men Gleda vart inkje lang. Det er no upplyst, at inkje eingong 300 av Underskrivarne hev Røysterett. Resten er mange Slags Folk. Some av dei er Kontorgutar i Sekstenaarsalderen, og andre er nyss komne ut fraa Galehuset paa Rotvoll, og nokre ligg paa Sjukehuset. Some av Underskrivterne er falske. Dei som eig Namni visste inkje um nokot, fyrr dei saag det i Bladi.
           
Folk, som er avlidne for lenge sidan, hev og skrivet under, og det er det no ingen, som undras paa. Det er, som det skal vera, at døyande System og døyande Tankar forsvarast av daude Menn.                                      
 
_ n. _
 
           
Stortinget utsette Saki um Assessorpostarne i Høgsterett til neste Aar. Høgre stridde fælt for aa faa um det so var berre Løn til ein Assessor; men det monad ikkje, endaa some Vinstremenn og deriblandt Jac. Sverdrup og S. Arctander gjekk med paa det. Vinstre heldt fram, at det vilde kje vera tidhøvleg aa auka Høgsteretten no, naar Juryen skulde innførast. Juryen vilde minka Arbeidet for Retten, som i Millomtidi godt kunde klara seg med ekstraordinære Assessorar.
 
           
Saki millom Skrivar Fabritius og Sellgjordingarne vart paadømd av Høgsteretten no um Torsdagen. Upphavet til Saki var, at nokre Bygselmenn vartnekta aa avleggja Konstitusjonseiden. Desse saksøkte daa Skrivaren. Deira Paastand for Høgsteretten gjekk ut paa, at Nektingi skulde vrakast og Fabritius straffast, heldaa Saki avvisast. I baae Høve skulde Skrivaren hava Utlegget til Sakførsla. Domen vart: Saki avvisast og Skrivar Fabritius betalar Omkostningarne. Ein Lagmann røystad imot.
 
           
Eimbaaten Heimdalav Tingvallalina gjekk fraa Hamni her no Torsdags Kvelden. Heimdal skal denne Gongen føra 210 norske Utvandrarar yver til New-York. Det var Tingvallalina, som hadde dei fleste norske Emigrantar ifjor, og iaar hev Søknaden voret so stor, at det hev voret raadlaust aa taka mot alle, som hev meldt seg, so det ser ut til, at ho vert meir og meir søkt for kvart Aar. Og det er rimelegt og, daa Lina hev gode Skjip, og ein slepp aa heftast i England elder Tyskland som med dei andre. Det høyrest og ut til, at Folk er væl nøgde med Livemaaten umbord. Lina er dansk og fragtar berre Skandinavar.
 
           
Stortingetbevilgad igaar 20,000 Kr. til Folkevæbningssamlagi og 10,000 Kr. til Centralforeningi. Høgre røystad imot.
 
           
Frankrikligg for Tidi i Krig med Tonkin. Tonkin er ein Landslut av Anam og ligg innmed Kina. I 1874 samdest det med Frankrik um, at Franskmennerne utan Meinking av Sjørøvarar skulde faa sigla uppetter den raude Elvi; men denne Semja hev inkje Tonkin haldet. Franskmennerne prøvad fyst aa forlikast med det paa ein fredeleg Maate; men daa det inkje gjekk, tok dei Hovudstaden (Hanoi) med Magt. I eit seinare Slag falt den franske Marinekaptein en Revière og nokre av hans Landsmenn. Franskmennerne vil no hemna seg, og der er alt sendt baade Skjip og Hermenn til Landet; men Kina ser inkje rolegt paa det, og der ymtast um, at dersom Frankrik tek Tonkin, so fær det Krig med Kina og.