[Denne upprivande Striden...]

Denne upprivande Striden klagar Folk so yver, han hev komet inn i mest kvar ei Bygd, der det fyrr var so stillt og godt og Folk gjekk fredeleg kvar for seg og berre tenkte paa aa vara seg for aa koma i Vegen for andre; kvar hadde sitt Yrkje og var nøgd med det og litte paa Presten og dei; som meir visste; det var som ein Hyrding med Fenaaren sin. Men no er det skilt sund alt ihop, Embætsmann fraa Folket sitt og Granne fraa Granne, Bror er imot Bror og Son imot Far. Ovund og Hat er det all Stad, og Folk trur inkje kvarandre. Og dei meiner det maa vera paa dei siste Tider.
           
Ja naar ein ser detta so berre i det smaa, so kann det ofta sjaa noko uliklegt ut, det er visst. Um Striden kann gjelda berre um Tankar og Meiningar i det store, so naar det ber inn i tronge Bygder, der Folk inkje er so tenkjetamde og ser det meir paa Fraastand, der vil dei Menn, som held dei ymse Meiningar fram, so lett koma til aa koma meir fram enn sjølve Tankarne, so at Striden vert meir Mann og Mann imillom. Men me skal hugsa paa, at det er mange, som daa fyrst kann faa Tak paa Tankarne og sjaa, at dei er til, naar dei hev dei inngjengne i Folk, so at dei tek Tanken, naar dei tek heile Karen. Den, som er meir framkomen i Tenkjing og Lesning, kann bergja seg med ei Bok hell Skrift og bryr seg inkje so mykje um Mannen, men den, som inkje det er, maa hava ein Mann for seg for aa sjaa Tanken, daa fyrst kann han gjera seg ei Meining um det. Det er mange Bygder, der det er soleids laga, at Folk inkje hev havt noko større Vit paa Politiken hell brydt seg noko større um honom, fyrr det hev komet upp Folk fraa baae Sidur, som hev teket til aa driva og agitera. Men daa hev dei fenget Tak paa det og kunna gjera seg upp si Meining, daa hev dei set alt nære for Augom.
           
Det kann væl stundom hava hendt med detta, at Meiningarne ikkje hev altid vortet so principreine ved den Maaten som hellest; naar Stridsemni hev komet lengst inn i Bygderne og avsett seg i visse Menn, so kann dei hava svinga paa seg og umskipa seg noko kannhenda, so at ein Storpolitikar fraa Hovudstden hadde vondt med aa kjenna dei atte; men dei hev vunnet det med denne Umsetjingi og Ikjøtingi, at dei hev laga seg etter dei heimlege Høve i Bygdi, so dei kann mengjast i kvar Manns Haus, um hans Syn og inkje rekk langt utanum Bygdi. Den store Landspolitiken hev paa mange Stader vortet til ein Bygdepolitik. Men dette visar, at han er national og kann staa paa heimleg Grunn, kor det skal vera; han finn Høve og Motsetningar aa knyta seg til all Stad, um det au berre kann vera av dei, som er reint personlege.
           
Det er soleids ei Vinning for mykje Folk med di at alle gjerst føre til aa vera med ved denne Gjerdi, som Politiken kann laga seg stundom. Det spyrst daa, um denne Vinningi veg upp imot Skaden, som er valda ved det, at Bygdefreden er broten.
           
Naar ein skal vega slike Ting imot kvarandre, so er det greidt, at ein fyrst maa finna ut, kvat det er, som gjeld mest av desse, anten Fred og godt Grannelag, hell at Folk fær Tak til aa vera med i Politiken. Baae Ting er gode og nyttelege. No er det væl, so at fyrst eit godt og skikkelegt Liv hjaa kvar Mann serskilt og so eit godt Husliv og so ein god Folkskikk og eit fint Umgjenge i kvar Bygd, det er dei beste og sikraste Vilkor for, at det au kann verta ein god Skikk paa det politiske Liv i Landet. Og slike Vilkor er det verkeleg i dette Landet. Men um dette no au skulde brjotast sund nokot, so held eg det inkje so faarlegt. Soleids som det er i Bygderne er det berre ein Barnasjukdom, som dei maa røyna for aa verta fullvaksne Folk, han vil veksa av med Tidi. Og so for det andre, naar Striden er so kvass, som han no er, og braadt daa vert kasta inn i ei still Bygd, so var det daa reint eit Under og, um det inkje skulde fylgja det Slag Illska med, men som det no er, so er det det minste ein væl kunde venta.
           
Eg tykkjer, at naar ein ser det noko meir paa Lengdi, so er han inkje det Slag ansande den Striden.