[Høgre...]

Høgre driv paa av all Magt med aa skipa November-Lag (Grundlovsforeninger elder 17de Mai-Foreninger, som dei no kallar det, _ 17de Novemberforeninger, som Folk hev døypt dei); for Fedrelandet er i Faare, vort elskede Fædrelands Fremtid staar paa Spil, segjer dei. Det meiner dei væl knapt; Fedrelandet stend nok, um C. A. Selmer stuper; men paa ein Maate hev dei Rett: naar Selmer og hans ukonstitusjonelle Politikk kjem under Dom, so stend Framtidi paa Spil for Høgre. Difor driv dei paa av all si Magt og vil prøva aa taka Landet til næste Val; og det er Von til, at dei ikkje vil vera vande um Midlerne. Det kann ein sjaa berre av det, at dei gjev seg andre Namn. Men um Vargen kjem utklædd i ny Saudepels, so trur ikkje Bonden han betre for det, og alle veit, at Vetomennerne er dei, dei hev voret, anten dei no kallar seg Novembermenn elder 17de Mai-Menn.
           
Det er hellest godt, at Høgre skipar seg som Parti; so vert Vinstremennerne nøydde til aa gjera det same, og so vert det eit Ordskifte ut yver Landet, so Folk tvingast til aa tenkja og gjera seg upp Meiningar.                   
 
b.