[Hedalens Husmandsforeining...]

Hedalens Husmandsforeining sende ein Søknad til Stortinget um aa faa umgjort Husmannsloven nokot. Præsidenten, Sverdrup, gav Søknaden sitt varmaste Tilmæle. Det var mange Husmenn her i Landet, 22,000 og, naar Huslyden reknast med, yver 220,000 Personar, og her var daa Spursmaal um deira sociale Stelling og økonomiske Tarv. Den store Utvandringi maatte og takast med. Og so trudde han, at denne Søknaden fraa Hedalens Husmandsforeining samstava med Folkemeiningi ut yver Landet. Han vilde foreslaa, at Søknaden sendest til Lovnemndi. Men Høgre hadde ei onnor Meining. Stang meinte, at Husmennerne hadde det godt, betre enn andre Stad. Det var best aa leggja Søknaden i Protokollen. Vart han send til Lovnemndi, vilde det gjeva Husmennerne Voner, som Tinget ikkje kunde greida. Ved Avrøystingi fekk Sverdrups Forslag Fleirtal, heile Vinstre med Undantak av tri Bønder.
           
Høgre vil nok koka Selmersuppe paa dei tenkte Umbot i Husmannsloven.
Det vil taka uppatt den gamle Leksa fra Røysterettsloven. Bøndarne laut passa seg, elles gaadde dei kje aat, fyrr dei maatte lata seg styra av Foddog og Legdsfolk. Og some Bønder trudde dette. Difor hev det gjenget so smaatt med Røysterettssaki, so smaatt at me stend i same Staden no som i 1814. Paa same Maaten trur nok Høgre det skal gaa med Husmannsloven. Stang sagde i det vesle Ordskiftet i Tinge,t at Husmannsloven kunde kje umgjerast utan aa uretta Bøndarne. Der hev me den same Visa. Men det er aa vona, at Bønderne no skjynar Etterslengen paa den.