Fraa Skafsaa. (Brev).

Eg lyt fortelja Fedrah., at me iaar for fyrste Gong samla oss til Fest paa 17de Mai. Me møttes fraa tri Bygdelag, Skafsaa, Fyrisdal og Vraadal. Kl. 6 um Kvelden var me fylka kring eit stort norsk Flagg utan Unionsmerke. Ein Svenske heldt Festtala. Dette vil kannhenda som tykkja rart; men her totte me det samde seg godt no, daa Høgrefolket preikar um, kos ille Svenskarne likar Stortingets Politikk. Denne Svensken sagde nokot annat, han. Daa han sluttad, ropad me Hurra, so det ljomad i Lidarne. Det var tala for Stortinget, som so trufast verjar Grunnloven av 17 Mai, for Sverdrup, Vergeland og Bjørnson. Millom Talerne var det Song. Sidan um Kvelden let Haringfela, og Karar og Kvendi likkad seg lett etter Slaatten paa den fine Vollen.
           
I Vaar hev me freista paa aa stellt til eit Skjotarlag. Og no er det visst, at me fær det til. Me tek det kje so braadt her upp i Fjellbygdarne; men det me gjer, det gjer me til Gagns. Skjotarlaget skal slutta seg til Folkevæpningssamlaget.
           
For ei Tid sidan hadde me eit Skjotarmøte for aa prøva oss. Og mange skaut godt. For no skal du høyra. Midt i Blekken hadde ein skrivet med Krit Absolut Veto. Og so galdt det um aa raaka det. Jau daa! Den eine Kula etter den andre fôr beint i det, so det vart kje att berre nokre Strik av Bokstavarne. Men sistpaa vart dei burte dei og. Dette totte me var eit godt Merke. Paa same Visen som det absolute Veto vart tynt her vil Stor-vetoet hans Selmer verta tynt av _ Riksretten.                   
 
O. _ J. _