Sanningi framfor alt.

(Av Hermod Hejmdal.) Det er godt aa hava ein liten aa skulda paa. Dette Ordtaket bar for meg, daa eg las det siste Stykke hans John Lie her i Fedrah. Han gjev Christian August Selmer Skuldi for, at Folk rømer Land og Rike. Eg hev aldri set meg Høve til aa forsvara Selmers Regjering; men denne Gongi baade kann og maa eg gjera det. Rømer Folk Land og Rike for Skuld Selmerpolitikken, so er det inkje Selmers Skuld. Grunnloven av 17de Mai 1814 gjev oss Nordmenn Rett og Makt og lat meg ogso faa segja Plikt til aa styra oss sjølve. Denne Retten, denne Makti og denne Plikt hev me no havt i 69 Aar. Vil me vera heilt ut ærlege, so maa me segja: Me Nordmenn hev det no for Tidi plent lik, som me hev stellt det. Naar C. A. Selmer no er Landsstyrar, so er han kje vorten det berre av kongelege Naade. Det er Nordmennerne sjølve, som hev gjevet honom Styret i Hendarne. Hadde me bruka den Makti, som Grunnloven gjev oss, elder lat meg faa segja det slik: hadde me gjort vaar Plikt, so var aldri C. A. Selmer vorten Statsstyrar i Norig. Det skal staa fast som klinka i Berget,at det er det norske Folket sjølv, som kann til, at Selmer no styrer Landet og styrer det slik, som han gjer. Og difor bør det ogso hava og taka all Skuldi sjølv. Det er baade uærlegt og umannslegt inkje aa gjera det. C. A. Selmer hev kje onnor Skuld i denne Saki, enn at han hev teket imot og bruka ei Makt, som høyrde andre til. Og kven gjer kje det? Lat oss vera ærlege og tilstaa det galne, me hev gjort og inkje skulda det fraa oss. Me sat rolege og tagalle og saag paa, at Stang lagde Grunnen til Veto-Systemet. Difor kunde ein Byfut fraa Drammen stiga fram og byggja vidare. Hadde me gjort vaar Plikt og bruka vaar Rett til aa stella oss som eit fritt Folk, so hadde me no havt ein annan og større Mann til Statsministar enn C. A. Selmer. Johan Sverdrup hadde daa styrt Landet no for Tidi. Og Vetopolitikken hadde daa aldri fengi Tak til aa gjort seg breid i Statslivet vaart. Fyrr me sannar dette, vert det aldri Folk av oss. Men eg tenkjer, at mangein Nordmann alt gjer det. Og daa bør det segjast høgt og beintframt. Det er visst nokot leidt aa tilstaa, at me vidkjende Nordmenn, Ganger Rolfs Ættingar, let oss vetostyra av ein gamal Byfut fraa Drammen; men det maa til. Folk maa faa Augo upp for all denne Armodsdomen i aa tola Selmers Vetopolitikk. Daa fyrst fær dei sjaa, kva Karar dei i Grunnen er. Og det kann gjera, at dei kastar Selmer ned av Krakken, naar han inkje vil gaa godviljugt. Minnet um Asbjørn fraa Medalhus skulde vera meir enn nok til aa læra oss politisk Folkeskikk. Men det var for litet, og me fekk Trontala av 21de Juni 1882. Kann me no koma til aa skjyna og sanna, at me svivyrder vaare Feder og Mennerne fraa 1814 ved aa lata oss styra av Byfuten fraa Drammen, so kann det endaa verta Stell paa Landsstyret her i Norig. Men lat oss sjølve taka Skuldi.
           
Alt det andre John Lie kjem med, og som skal vera Prov paa, kor ulidande trongt, det er her i Norig, er av same Ulli. Han barmar seg yver vaar botnelause Statsskuld, yver store Skattar, feite Løner, drjuge Pensjonar, at pengar vert bruka til Faanytte, o. s. b. Altsaman dette er sannt. Eg sannar kvar einaste Ordi. Men kven er det, som paalegg Skattar, gjev Løner og Pensjonar o. s. b. her i Landet? Er det kje me sjølve gjenom Stortinget? Men naar det er so, kvifor skal me daa skulda Selmer for det? Det er kje han, som auser or Statskassa og straar Kronur baade i Sud og Nord. Han fær kje fleire, enn me sjølve gjev honom. Men kannskje det er Meiningi hans John Lie aa klandra Embetsmennerne for, at dei tek imot 4000 Kronur elder vel so i Pensjon, naar dei vet bodne det? Ja er det Meiningi, so trur eg, han maa reisa lenger enn til det utifraagjilde Amerika, fyrr han finn Menn, som er meinlause i det Stykke. Eg skal vera med paa, at det er trongt her i Norig; men aldri i Verdi er eg med paa aa skulda andre for det. Ein ligg slik, som ein gjer upp Sengi, segjer eit gamalt Ord. Dette høver for oss her.