Storthinget av 1883 hev gjort mykje og godt Arbeid.

Det sette Riksrett mot Ministeriet Selmer. Det sparde Pengar, so Landet slapp nye Skattar. Det vedtok (den spanske) Handelstraktaten og fleire gode Lovar (Lov om Æresopreisning for Brotsmenn, Lov om Omkostningsansvar i Straffesager, Lappeloven, Lov om forliste Sømandsskabers Hjemsendelse, Lov om Examen artium, som no skal haldast ved Skularne istadenfor ved Høgskulen, o. fl.)
           
Ein Ting var leid: det vart ikkje nokot av med Dissenterloven. Ein annan Ting var og leid, men det var ikkje Thingets Skuld: Loven um Forsyrgjing av Lausborn vart ikkje sanksjonerad.  
           
Thinget vav 1883 vil minnast. Det gjorde ei stor historisk Gjerning, som heile Norig ein Gong vil takka det fyre, daa det sette ein Stans for den landsskadelege og fridomsøydande Vetopolitikken, som no var driven so vidt, at anten maatte Retten døma, elder so hadde det snart ikkje lenger voret Grunnlov i Landet.
           
Folket hev havt Tillit til Thinget sitt. Thinget av 1883 sviktad ikkje.