[Bjørn og Bergljot...]

Bjørn og Bergljotheiter ei ny Bok paa Landsmaalet av Kornelius Gunderson, Nidaros. Forlagt og prentat hjaa Johan L. Sundt. 1883. 126 Sidur.
           
Det er morosamt aa sjaa nye Bøker paa Norsk. Bjørn var Husmannsgut og Spilmann. Bergljot var Dotter av ein av dei rikaste Mennerne i Bygdi. Far hennar vilde Aslak, Son av rikaste Mannen i Bygdi, skulde hava henne, men ho vilde hava Bjørn. Bjørn vart kjennt med ein Folkehøgskulelærar, som trefte til aa fara i Bygdi og vart med honom eit Bil. Tilslutt lagad det seg med dei tvo, daa Aslak slog seg paa Drykken og Far hans gjekk fraa Garden, og Garden brann upp for Far til Bergljot, so han og vart fatik.
           
Det er det gamel Emne, som er kjendt og bruka so mykjet. Husmannsguten og Gardmanns-Dotteri, og so er det daa ein Teft fraa Folkehøgskulelivet, som er nytt.
           
Boki er hellest inkje rik paa store Hendingar, det gjeng jamt og meste Delen paa reint kvardagslege Talemaatar. Det ser noko smaasamt ut alt dette, men noko heimlegt og kjennslegt er det daa ogso, var det berre inkje formykje av det, soleids som dette: God Kveld, sagde Brynjulv. God Kveld igjen, svarad ho. God Kveld, sagde Bjørn. God Kveld igjen, svarad ho. Slik er det meir fleire Gonger.
           
Det vert noko tomt og snaudt utsjaa-ande Livet paa denne Maaten, endaa det vert likt seg og paa ein Maate meir enn i mange uppskrøyvde Bondesogur av Byfolk. Men det heile fell formykje sund i Smaadelar og Smaarødur, det vert forlite Gang og Samanheng millom dei.
           
Boki er bygd formykje paa Tankar og Fyrisviv, for lite paa Gransking av det verkelege Liv, for lite Syn paa det utvortes.
           
Det er greidt aa merkja, at det er ein Næming, det er for mykje som minner um andre, og Maalet er inkje alt so fullrett skrevet.
           
Men hellest er det noko uvandt og godt ved Boki, som vil gjera henne likandes allvist for dei, som inkje er forlesne fyrr.                
 
n.