[Kvat er det dei er rædde...]

Kvat er det dei er rædde, naar dei skrik so um dei radikale? Kvat er det dei meiner?
           
Er det Kristendomen, Kongedømet og Unionen?
           
For det er Ting, som Høgre held for 3 Alner av same Klæde.
           
Og desse Ting sett dei upp som Maalet for Vinstre, aa faa burt dei Triarne.
           
Her finnst Fritenkjarar, som var like sæle baate med Kristendomen og den gamle Moralen, det er sannt.
           
Og her finnst mange Republikanarar, det er og sannt, og her finnst og kanskje sume, som var like glade, um det inkje var nokon Union, men det er vist fælt faae, eg hev inkje set av dei.
           
Men er det nokot Parti av desse?
           
Langtifraa.
           
Dei hev inkje so mykje som ei einaste Røyst i Stortinget, dei hev inkje naatt upp til aa verta ein fast Minoritet endaa.
           
Og det er i Grunnen fælt faae av dei. For det er inkje Fritenkjarar alle, som mislikar det Kyrkjestellet og den Prestegreida og den Theologia, som no er. Og det er inkje Republikanarar alle dei, som ynskjer mykje heller Republik enn slik Styring, som no er. Og det er inkje Fiendar av Unionen alle, som tykkjer det kann verta formykje av Svenskefjæsket.
           
Det finnst inkje slike Høve her, som kunde vera Grunnstudnad for eit radikalt Parti.
           
Inkje hjaa Bønderne, for dei er so fastbunde til si Jord og til alt det gamle, at dei berre seint vil ganga med paa noko nytt, um det so er ei aldri so liti Umbot, det er den konservative Del av Folket vaart, men me skal hugsa paa, at det er Storhopen og, dei vert det tilslut som set Svipen paa all Ting her.
           
So er det dei andre, som inkje er slik fastgrodde til Heimen, Arbeidararne paa den eine Sida og alle Slag Embættes- og Umbodsmenn paa den andre Sida.
           
Men Arbeidararne er altfor mykje bundne til Husbønderne sine i Maten og Løni, til at dei torer vaaga seg iveg paa eigi Haand.
           
Og Umbods- og Embættesmennerne, um dei er aldri so upplyste, so er det umogelegt anna for Stordelen, enn at dei vert bundne av Hensyn til dei høge, alt fraa Skulemeistaren og til Amtmannen, det er vanskelegt aa halda fullt ut paa Sjølvstendet sitt.